Hopp til innhald

Ian Samwell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ian Samwell
Fødd19. januar 1937(1937-01-19)
FødestadLambeth i South London i England
Død13. mars 2003 (66 år)
DødsstadSacramento i California i USA
FødenamnIan Ralph Samwell
OpphavStorbritannia
Aktiv1958–2003
Instrumentgitar
Tilknytte artistarThe Drifters, America
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • songar-låtskrivar
  • plateprodusent
  • gitarist

Ian Ralph Samwell (19. januar 193713. mars 2003) var ein engelsk musikar, songar-låtskrivar og plateprodusent.[1] Han er mest kjend som låtskrivaren av debutsingelen til Cliff Richard, «Move It»,[2] og tilknytinga hans til rockebandet America, som han hadde sin største kommersielle suksess for med hitsingelen «A Horse with No Name». [2] Han arbeidde òg med rockeband som Small Faces, The Grateful Dead, Frank Zappa, Joni Mitchell,[3] John Mayall og Hummingbird.

Samwell skreiv for mange andre britiske artistar, mellom anna Joe Brown, Elkie Brooks, Kenny Lynch og Dusty Springfield.[1] Fleire av songane hans vart spelt inn på spansk av den meksikanske gruppa Los Teen Tops og vart gitt ut i Latin-Amerika og dei spansktalande områda i verda. Han arbeidde òg som plateprodusent med Sounds Incorporated, Georgie Fame, John Mayall og mod-bandet The Small Faces,[1] der han var med på å skriva hitsingelen «Whatcha Gonna Do About It» frå 1965.[3]

  1. 1,0 1,1 1,2 Colin Larkin, red. (2002). The Virgin Encyclopedia of Fifties Music (3. utg.). Virgin Books. s. 378. ISBN 1-85227-937-0. 
  2. 2,0 2,1 Mindy, Giles (20. mars 2003). «Ian Samwell, the father of British rock». Newsreview.com. 
  3. 3,0 3,1 «Ian Samwell Obituary». The Guardian. 27. mars 2003. Henta 17. april 2023. 

Mal:The Shadows