Hopp til innhald

Ibbenbüren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibbenbüren
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Münster
Landkreis Steinfurt
Høgd 64 m
Areal 108,87 km²
Folketal 52 688 (31. desember 2023)
Først nemnd i 1146
Postnummer 49477, 49479
Retningsnummer 05451, 05459, 05455
Bilnummer ST
Kart
Ibbenbüren
52°16′40″N 7°43′00″E / 52.277777777778°N 7.7166666666667°E / 52.277777777778; 7.7166666666667
Wikimedia Commons: Ibbenbüren

Ibbenbüren er ein industriby i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg i kreisen Steinfurt, og er den største byen i Tecklenburger Land.

Ibbenbüren i 2005.
Panormabilete.

Ibbenbüren ligg ved elva Ibbenbürener Aa nordvest i Teutoburger Wald og om lag midt mellom byane Rheine i vest og Osnabrück i aust, som begge ligg om lag 20 km borte.

Ibbenbüren vart nemnd for første gong i 1146 då fyrstbiskopen av Osnabrück, Filipp av Katzenelnborgen, donerte ein tiandedel av sine eigendelar i Ibbenbüren til Getrudenkloster i Osnabrück. Sjølv om Ibbenbüren er mykje eldre og at eit dokument frå 1348 nemner at ei kyrkje vart oppført her i 799, er 1146 rekna som det offisielle grunnleggingsåret for Ibbenbüren.

Seint i mellomalderen høyrte byen til Bispedømet Osnabrück, og på denne tida vart slottet i Ibbenbüren bygd. I dag er det berre få restar igjen av slottet.

Etter kvart kom Ibbenbüren inn under grevane av Tecklenburg. Dette styret varte fram til slutten av 1400-talet eller byrjinga av 1500-talet då han kom inn under Karl V av Det tysk-romerske riket i 1548. Karl V gav han vidare til syster si, Maria av Habsburg, guvernør av Nederland. I denne perioden vert det òg starta utgraving etter kol.

Under den nederlandske revolusjonen skifta Ibbenbüren stadig eigarar mellom Nederland og Spania, og vart gjeve til Huset Orange-Nassau etter freden i Westfalen i 1648. På denne tida starta ein utgraving etter jernmalm, ein industri som varte til første halvdel av 1800-talet. I 1702 vart byen ein del av Preussen, og 1. februar 1724 fekk han kommunerettar. I 1743 vart den første dommaren og borgarmeisteren utpeikt.

Under regjeringstida til Napoleon Bonaparte på byrjinga av 1800-talet høyrte Ibbenbüren til Frankrike, fram til han vart frigjort av Preussen og Russland i 1815. Han kom tilbake til Preussen og vart ein del av regionen Tecklenburg.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ibbenbüren