Ibisnebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ibisnebb
Ibisnebb, Ibidorhyncha struthersii Foto: Vishal Sabharwal
Ibisnebb, Ibidorhyncha struthersii
Foto: Vishal Sabharwal
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av ibisnebb
Utbreiinga av ibisnebb
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Ibidorhynchidae
Slekt: Ibidorhyncha
Art: Ibisnebb I. struthersii
Vitskapleg namn
Ibidorhyncha struthersii

Ibisnebb (Ibidorhyncha struthersii) er ein vadefugl i den biologiske ordenen Charadriiformes, vade-, måse- og alkefuglar, og utgjer sin eigen familie Ibidorhynchidae. Han lever på elvebreiddene i høglandet av Sentral-Asia og Himalaya.

Denne fuglearten er lett kjenneleg. Vaksne er grå med kvit buk, raude bein og langt raudt nedkrumma nebb, svart ansikt og svart brystband. Dei unge fuglane manglar den svarte i ansiktet og i brystet, og nebbet har uklår farge. Beina har sterk raudfarge i hekkesesongen, men er brungrå hos ungfuglar. Trass fargerik utsjånad er ibisnebbar godt kamuflerte i eit steinete miljø. Dei har ei kroppslengd på 39 til 41 cm og veg 270 til 320 gram.[1] Lyden er ein fløytande «klu-klu» likt ei gluttsnipe.

Dei finn føde ved å søkje med nebbet i grusen på elvebotnen. Favorittbytte er virvellause dyr, typisk vårflugelarver og døgnflugelarver som skjuler seg under steinar i straumen.

Ibisnebb er sosialt monogame i forplantinga. Paret byggjer reiret på ein bank, ei øy eller halvøy i elva, og er sjeldan meir enn ei fordjuping i bakken, nokre gongar med småstein rundt. I slutten av april eller byrjinga av mai legg dei frå to til fire ovale egg. Rugetida er ikkje kjent, men begge foreldra tar del i ruginga.

Dei evolusjonære forholda ved arten er framleis uklåre. Ibisnebb kan ha til slektskap til både tjeldfamilien og til avosettfamilien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]