Idar Ulstein
Idar Ulstein | |
![]() | |
Fødd | 2. april 1934 Ulsteinvik |
Død | |
Yrke | forretningsdrivande |
Idar Lars Ulstein (2. april 1934–29. april 2012)[1][2] var ein norsk bedriftsleiar og skipsingeniør fødd i Ulsteinvik i Ulstein. Han var utdanna sivilingeniør ved skipsbyggarlinja ved Norges Tekniske Høgskole (noverande NTNU) i Trondheim. Han kom for fullt inn i Ulstein Group etter fullført utdanning i 1962, og var bedriftsleiar fram til han gjekk av som konsernsjef i 1997. Han gjekk deretter inn som styreleiar i konsernet, fram til 2011.
Under hans leiing fekk bedrifta Farmands Pris for framifrå bedriftsleiing for 1983, og han blei nokre år seinare kåra til ein av dei femten beste bedriftsleiarar i Skandinavia av det svenske Veckans Affärer. I 1988 gikk han inn for å redde den konkurstruga Sunnmørsbanken.[3] Han fekk Produktprisen 1992, som vart overrekt av Finn Kristensen på eit møte i Polyteknisk Forening. Han blei i 1993 etterfølgd som adm.dir. i Ulstein Industrier og Ulstein Finans av Tore Winswold, men heldt fram som leiar for Ulstein Holding der han vart sjef i 1985. Han verka som konsernsjef i Ulsteingruppa fram til 1994 då han hadde tenkt å bli avløyst av Bernt Reitan som kom frå Elkem Aluminium, men denne trakk seg. I 1997 gjekk firmaet på børsen og Idar blei styreformann, men i 1999 blei nærmare 90% av selskapet, med unntak av skipsbyggingsaktiviteten, kjøpt opp av britiske Vickers, som nokre månader etter blei kjøpt av Rolls-Royce. Seinare etablerte ein finansieringsselskapet Ulsmo.
Idar Ulstein var også mangeårig formann i Skipsbyggerienes Landsforening og Bergens Mekaniske Verksted, medlem i Norges Eksportråd, styremedlem for Mekaniske Verksteders Landsforening, Norges Industriforbund og Den Norske Creditbank, og medlem av rådet til Det Norske Veritas og representantskapsmedlem i Norges Hypotekforening for Næringslivet.[4]
Idar Ulstein vart i 1994 utnemnd til Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden for «forteneste av norsk industri». Han var son av Martin Ulstein (1893–1948) som grunnla Ulstein Mekaniske Verksted i 1917. Ulstein Group er i dag framleis ei familiebedrift med aktivitetar innan skipsdesign, skipsbygging, kraft- og kontrollsystem og skipsinteresser. Idar Ulstein si dotter Gunvor Ulstein er i dag konsernsjef, medan bror hennar, Tore, er visekonsernsjef.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Idar Lars Ulstein (Utdypning)». Norsk biografisk leksikon i SNL. Henta 2. mai 2012.
- ↑ Idar Ulstein er død, DN.no, 30. april 2012.
- ↑ Rolf Mæhle (23.9.1988). «Livredderen for Sunnmørsbanken». Aftenposten.
- ↑ «Idar Ulstein 50 år: Leder som går foran». Aftenposten. 2.4.1984.