Ulstein Group

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulstein Verft sett frå lufta. Ulstein Verft er eitt av selskapa i Ulstein Group.
Ulstein Group sitt hovudkvarter på Osneset i Ulsteinvik.

Ulstein Group ASA er eit norskeigd industrikonsern med aktivitetar innan utvikling og bygging av skip, og kraft- og kontrollsystem. Konsernet har om lag 700 tilsette.

Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group ASA.[1] Hovudkontoret er i Ulsteinvik, Noreg.

Dagens Ulstein Group har sitt opphav i Ulstein Mekaniske Verksted, som Martin Ulstein starta i 1917.[2]

Dotterselskapa i Ulstein Group:

SHIPBUILDING Ulstein Verft AS og Ulstein Elektro Installasjon AS

DESIGN & SOLUTIONS Ulstein Design & Solutions AS, Ulstein Design & Solutions BV, Ulstein Equipment BV og Ulstein Poland LTD SP. Z.O.O.

POWER & CONTROL Ulstein Power & Control AS, Ulstein Marine Equipment (Ningbo) CO Ltd., Ulstein Electrical Technology (Ningbo) CO Ltd., Ulstein Belga Marine Ltda og Ulstein Bronte D.O.O.

GLOBAL SALES Ulstein Marine Systems (Shanghai) CO Ltd., Ulstein Asia Pte Ltd., Ulstein South America Servicos Ltda og Ulstein International AS

SHIPPING Ulstein Shipping

ULSTEIN står bak skrogforma X-BOW®. X-BOW® er ein bakovervendt baug utforma for å gi betre handtering i grov sjø og lågare drivstofforbruk. X-BOW® vart tildelt Årets Ingeniørbragd av Teknisk Ukeblad i 2005. Det første leverte skipet X-BOW®-skroglinjeform; Bourbon Orca, eit ankerhandteringsfartøy av designtypen AX104, blei levert i 2006 og fekk mellom annet utmerkingane Ship of the Year Award av Skipsrevyen og Offshore Support Journal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]