Idol Noreg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Idol: Jakten på en superstjerne Orig. Pop Idol | ||
Sjanger | Songtevling | |
Skapar | Simon Fuller | |
Programleiar(ar) | Sjå programleiarar | |
Dommarar | Sjå dommarar | |
Nasjonalitet | Noreg | |
Innspelingsland | Noreg | |
Språk | Norsk | |
Sesongar | 6 | |
Produksjon | ||
---|---|---|
Produsent(ar) | FremantleMedia og 19 Television | |
Distributør | FremantleMedia Enterprises og TV 2 | |
Kringkasting | ||
Kanal | TV 2 | |
Sendt | 2003–2007 og 2011 |
Idol: Jakten på en superstjerne er eit norsk fjernsynsprogram på kanalen TV2, basert på det populære britiske programmet Pop Idol. Programmet skildrar formålet sitt i undertittelen «jakta på ei superstjerne». I Idol vert vanlege menneske invitert til å synge i ein audition i fleire byar. Eit panel på tre til fire domarar inviterer nokre av deltakarane til å delta vidare i programmet. Deltakarane vert færre og færre ved at det vert gjennomført fleire songprøver, der berre nokre deltakarar går vidare. Etterkvart er det opp til fjernsynssjåarane å avgjere kven som skal gå vidare, ved å stemme på sine favorittar ved hjelp av telefon og SMS.
Vinnarar[endre | endre wikiteksten]
- 2003: Kurt Nilsen
- 2004: Kjartan Salvesen
- 2005: Jorun Stiansen
- 2006: Aleksander Denstad With
- 2007: Glenn Lyse
- 2011: Jenny Langlo