Kåre Magnus Bergh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Magnus Bergh
KaareMagnusBergh.png
Fødd 22. desember 1978 (43 år)
Hamar kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke programleiar, musikar, kunstmålar
Kåre Magnus Bergh på Commons

Kåre Magnus Bergh (fødd 22. desember 1978) er ein norsk programleiar og biletkunstnar.[1] Han har òg spela i bandet Hello Countryclub. Bergh er likevel mest kjend som programleiar for store, direktesendte TV-show som Idol, Sommeråpent, Stjernekamp og Melodi Grand Prix.

Programleiarjobbar[endre | endre wikiteksten]

Bergh vart kjend som programleiar for talenttevlinga IdolTV 2, der han leia sendingane saman med Solveig Kloppen i 2005 og 2006. Frå hausten 2006 presenterte han tradisjonell rockemusikk saman med musikkjournalisten Tor Milde som programleiar i P4 sin radiokanal P4 Bandit.

I desember 2007 vart Bergh ein av fleire programleiarar i NRK Super, NRK sin fjernsynskanal for barn. Jula 2008 leia han Julemorgen saman med Yasmin Syed.[2] Hausten 2009 leia han Melodi Grand Prix junior på NRK saman med Marthe Sveberg Bjørstad. Han har leia fleire tv- og radioprogram saman med kollega Ingrid Gjessing Linhave, blant anna Kvelden før kvelden og radioserien KveldsstellNRK P1.

Bergh har òg vore programleiar for programserien StjernekampNRK1 sidan fyrste sesong i 2012, og han har leia Melodi Grand Prix kvart år sidan 2015: tre gonger saman med Silya Nymoen (2015, 2016 og 2018) og éin gong kvar med Line Elvsåshagen (2017) og Heidi Ruud Ellingsen (2019).[3] Sidan 2020 har han leia Melodi Grand Prix saman med Ingrid Gjessing Linhave og Ronny Brede Aase.[4]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Bergh er utdanna målar blant anna i Oslo, Frankfurt am Main og Kunsthøgskolen i Bergen. Han har halde fleire separatutstillingar, blant anna for Kunstnerforbundet i 2007.[5]

Bergh er oppvaksen på Hamar, men har sidan budd i blant anna Bergen og Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Debuterer med imitasjoner». Østlendingen. 9. februar 2007. 
  2. morgen av Silje Marie Lien, nrk.no 19. november 2008
  3. Østbø, Stein (25. januar 2017). «Line og Kåre Magnus skal lede Melodi Grand Prix: Lover glitter og glamour». VG Nett. 
  4. Hagen, Knut-Øyvind (5. desember 2019). «Her er neste års programledere for Melodi Grand Prix» (på norsk bokmål). Henta 6. desember 2019. 
  5. «Kåre Magnus Bergh CV». Kunstnerforbundet. Arkivert frå originalen 2017-02-02. Henta 25. januar 2017.