Iivo Niskanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Iivo Niskanen
Iivo Niskanen.jpg
Fødd 12. januar 1992
Uleåborg
Yrke langrennsløpar
Iivo Niskanen på Commons

Iivo Henrik Niskanen (fødd 12. januar 1992) er ein finsk langrennar frå Oulu som vart olympisk meister i lagsprint i 2014 og verdsmeister på 15 km i 2017.

Niskanen fekk sitt gjennombrot under Vinter-OL 2014, der han vann gullmedalje på parstafetten i lag med Sami Jauhojärvi og vart fjerdemann på 15 kilometer. Han tok sin fyrste verdenscupsiger då han vann 15 km klassisk stil i Kuusamo 30. november 2014. To år seinare vann han 15 km klassisk i Kuusamo for andre gong, hans andre triumf i eit verdscuprenn. Under Ski-VM 2017 i Lahti fekk han og Sami Jauhojärvi bronse på parstafetten, to dagar før han sikra seg gullmedaljen på 15 km etter eit framifrå løp.

Også den eldre systera Kerttu Niskanen har hevda seg i toppen av internasjonale langrennstevlingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]