Kerttu Niskanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kerttu Niskanen


Statsborgarskap Finland
Fødd 13. juni 1988 (35 år)
Uleåborg
Idrett langrenn
Tok del i

Langrenn under Vinter-OL 2014 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – Lagsprint kvinner, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018, Langrenn under Vinter-OL 2022 – 15 kilometer skiathlon kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2022 – 10 kilometer klassisk kvinner, Ski-VM 2023

Kerttu Elina Niskanen (fødd 13. juni 1988) er ein finsk langrennnar frå Oulu som i tida 2014-17 vann to OL-sølv og to VM-bronsar, alle i stafettevlingar. Iivo Niskanen er ein yngre bror.

Niskanen markerte seg mellom verdseliten i langrenn under Tour de ski 2013/14, der ho vann den fjerde etappen; ein 10 km fellesstart. Under Vinter-OL 2014 i Sotsji gjekk ho tredje etappe på det finske laget som fekk sølv på 4 x 5 kilometer stafett etter Sverige og framom Tyskland. Dei andre på laget var Anne Kyllönen, Aino-Kaisa Saarinen og Krista Lähteenmäki. Fire dagar seinare tok ho og Saarinen ein ny sølvmedalje i lagsprinten, slått av det norske paret Ingvild Østberg og Marit Bjørgen. I dei individuelle tevlingane vart Niskanen nummer fire på tremila og sju på 15 km.

Ved Ski-VM 2015 i Falun vart Niskanen nummer fire både på 15 km og 30 km. På stafetten over 4 x 5 km fekk ho og Finland ein bronsemedalje. Same plassering fekk Niskanen i 4 x 5 km stafett då Ski-VM 2017 fann stad på finsk heimebane i Lahti. Her var ein sjetteplasspå 10 km hennar beste individuelle prestasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]