Illuminatar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Illuminatar (tyder 'dei opplyste') viser til fleire europeiske sekter frå 1500– til 1700-talet som meinte dei hadde eit særskilt forhold til guddommen. Den best kjende er Illuminat-ordenen, som blei stifta i Bayern i 1776 av Adam Weishaupt. Denne var organisert etter jesuittisk mønster og skulle erstatta frimureri. Ordenen bygde på engelsk deisme og opplysingsfilosofi, og hadde som mål å gjera dygd og fornuft til styrande element i verda. Ei anna rørsle var spanske alumbrados. På engelsk er rørsla kjend som Illuminati, og er særleg under dette namnet kjend frå populærkultur og konspirasjonsteoriar.

Illuminat-ordenen fekk stor utbreiing i Mellom-Europa, mellom anna var Johann Gottfried Herder og Johann Wolfgang von Goethe medlemmer. I 1785 blei ordenen forboden i Bayern. Han blei nystifta 1896 og gjort internasjonal i 1925.

I populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Konspirasjonsteoriar kring Illuminatus-ordenen har blomstra sidan byrjinga av 1800-talet, og finst også refererert i bøker, film, musikk og liknande. Nokre eksempel er

Kjelder[endre | endre wikiteksten]