Illuminatar
Illuminatar (tyder 'dei opplyste') viser til fleire europeiske sekter frå 1500– til 1700-talet som meinte dei hadde eit særskilt forhold til guddommen. Den best kjende er Illuminat-ordenen, som blei stifta i Bayern i 1776 av Adam Weishaupt. Denne var organisert etter jesuittisk mønster og skulle erstatta frimureri. Ordenen bygde på engelsk deisme og opplysingsfilosofi, og hadde som mål å gjera dygd og fornuft til styrande element i verda. Ei anna rørsle var spanske alumbrados. På engelsk er rørsla kjend som Illuminati, og er særleg under dette namnet kjend frå populærkultur og konspirasjonsteoriar.
Illuminat-ordenen fekk stor utbreiing i Mellom-Europa, mellom anna var Johann Gottfried Herder og Johann Wolfgang von Goethe medlemmer. I 1785 blei ordenen forboden i Bayern. Han blei nystifta 1896 og gjort internasjonal i 1925.
I populærkultur
[endre | endre wikiteksten]Konspirasjonsteoriar kring Illuminatus-ordenen har blomstra sidan byrjinga av 1800-talet, og finst også refererert i bøker, film, musikk og liknande. Nokre eksempel er
- Illuminatus!-trilogien av Robert Shea og Robert Anton Wilson frå 1970-talet. Desse tre science fiction-bøkene er blitt kultklassikarar og framstiller ordenens kamp om verden.
- I Engler og demoner (2000) av Dan Brown har Illuminat-ordenen ei svært viktig rolle i plottet.
- Filmen Eyes Wide Shut av Stanley Kubrick refererer til ordenen.
- Rapparen 2pac gav ut eit album kalla The Don Killuminati: The 7 Day Theory.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- illuminater (27.02.2013) i Store norske leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Illuminatus-ordenen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juni 2013.