Anna Akhmatova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anna Akhmatova
Kuzma petrov-vodkin, ritratto di anna akhmatova, 1922.JPG
Kusma Petrov-Vodkin:Portrett av Anna Akhmatova, 1922
Fødd 23. juni 1889 (jul. 11. juni)
Odessa
Død

5. mars 1966 (76 år)
Domodedovo

Yrke skribent, omsetjar, litteraturkritikar, lyrikar, forfattar, litteraturvitar
Språk russisk
Far Горенко Андрій Антонович
Ektefelle Nikolaj Gumiljov, Vladimir Sjilejko, Nikolay Punin
Born Lev Gumiljov
Anna Akhmatova på Commons

Anna Akhmatova (23. juni 18895. mars 1966) var psevdonym for Anna Andrejevna Gorenko, ein russisk lyrikar, omsetjar og litteraturvitar, som vart kjend for sin melankolske og politiske lyrikk i åra før oktoberrevolusjonen i 1917.

Akhmatova er rekna som ein av dei viktigaset personane innan russisk litteratur på 1900-talet. I 1965 var ho nominert til Nobelprisen i litteratur. Ho vann Taormina-prisen i 1964 og vart æresdoktor ved universitetet i Oxford i 1965.[1]

Anna Akhmatova hadde sjølv eit vanskeleg liv. Ho levde gjennom den russiske revolusjonen og omleiringa av Leningrad under andre verdskrigen. Den første ektemannen hennar Nikolaj Gumiljov vart avretta i 1921; den tredje ektemannen, Nikolaj Punin, vart arrestert fleire gonger og døydde i ein fangeleir i 1953, og den einaste sonen hennar, Lev Gumiljov, hadde ei rekkje fengselsopphald frå 1930- til 1950-talet. Akhmatova uttrykte sorga som hustru og mor i eit av dei viktigaste dikta sine – Rekviem. Sjølv vart ho overvaka og sensurert. Mange av verka hennar vart ikkje gjevne ut i Sovjetunionen medan ho levde, men først over tjue år etter at ho var død.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

I unge år[endre | endre wikiteksten]

Anna Akhmatova i 1904.

Anna Gorenko var fødd på kurstaden Bolsjoj Fontan nær Odessa i dagens Ukraina, då ein del av Tsar-Russland.

Ho var det tredje barnet i ein syskenflokk på fire døtrer og to søner. Far hennar, Andrej Antonovitsj Gorenko (1848–1915), var adelsmann,[2] maskiningeniør ved flåten og seinare kollegieassessor då familien flytta til hovudstaden Sankt Petersburg. Mor hennar, Inna Erazmovna Stogova (1856–1930), var i fjern slekt med diktaren og omsetjaren Anna Bunina (1774–1829).

Barndoms- og ungdomsåra vart prega av skilsmålet til foreldra i 1905, og av faren sin motstand mot den poetiske verksemda til dottera. Då ho byrja gje ut dikt tok ho det tatariske etternamnet Akhmatova etter oldemora, for ikkje å krenke familienamnet.[3]

Akhmatova og Gumiljov med sonen Lev.

Akhmatova byrja studere på universitetet i Kiev, men flytta til St. Petersburg for å studere litteratur. Her vart ho mellom andre undervist av poeten, dramatikaren og essayisten Innokentij Annenskij, og vart mykje inspirert. Då Akhmatova var 21 år gammal vart ho medlem av akmeistane, ei av Russlands leiande litteraturgrupper. «Det vakre, klare» i poesien skulle dyrkast i samklang med det enkle, hevda medlemene. Leiaren av gruppa, poeten og litteraturkritikaren Nikolaj Gumiljov, gifta seg i april 1910 med Akhmatova. Dei hadde bryllaupsreise til Paris, og Akhmatova møtte og vart venn med kunstnaren Amedeo Modigliani.[4] Kort tid etter bryllaupet la Gumiljov ut på reise til Afrika og løvejakt. I tida 1910-1912 var Akhmatova sjølv i Paris to gonger og reiste rundt i Italia. Inntrykk frå desse reisene og vennskapen med Modigliani fekk stor påverknad på forfattarskapen hennar.

«

Eg merkar meg alt som nytt.
Poplane luktar vått.
Eg teier. Teier, bur meg på
å bli deg, jord, for godt.

»

—24 (23. februar 1911, Tsarskoje Selo)[5]

Under Gumiljovs fråvære skreiv Akhmatova mange av dei dikta som seinare vart trykt i diktsamlinga Aften. Samlinga vart utgjeven i 1912, same året som sonen Lev kom til verda, og viste forfattarens enkle men detaljerte stil. Dikta synleggjorde hennar poetiske genialitet og gav henne kultstatus i den russiske intelligentsiaen. I 1914 kom Rosenkransen ut, eit verk som skildra intimsfæren mellom mann og kvinne, og som på mange måtar bidrog til auka interesse mellom kvinner for poesi.

Det sterke bandet mellom mann og kvinne fanst ikkje i Akhmatovas privatliv. I 1919 skilde ho seg frå Gumiljov, som i mellomtida hadde meld seg til krigsteneste under tsaren sine faner. I staden gifta Akhmatova seg med assyriologen og diktaren Vladimir Sjileiko. Heller ikkje dette ekteskapet varte lenge. Paret vart separert i 1920 og skild i 1928. Gjennom livet hadde ho fleire forhold eller nære vennskap til kjente figurar som Osip Mandelstam,[6] Boris Pasternak og Aleksandr Blok.[7][8]

Revolusjon og stalinisme[endre | endre wikiteksten]

Akhmatova på 1920-talet med sonen Lev og farmor hans.

I 1921 vart Nikolaj Gumiljov avretta av tsjekaen (det hemmelege politiet) for antirevolusjonær verksemd. Kort tid etter avrettinga skreiv Akhmatova:

«

Terror fingers all things in the dark,
Leads moonlight to the axe.
There's an ominous knock behind the wall:
A ghost, a thief or a rat...[9]

»

Avrettinga av Gumiljov og ei rekkje andre hadde ein sterk verknad på russiske intellektuelle. Akmeismegruppa blei oppløyst, og Anna Akhmatova og sonen Lev blei merka som statlege fiendar. Lev blei seinare arrestert under utreinskingane på 1930-talet på grunn av kven faren var.[10] Trass i at ho var skild frå Gumiljov, såg Akhmatova seg tvinga til litterær togn etter utgjevinga av Anno Domini MCMXXI i 1922. Togna kan også delvis forklarast med hennar nye ektemann, Nikolaj Punin, som seinare døydde i Stalin sine gulagleirar.

Verka til Akhmatova vart ofte nemnde i 1920-talets litterære disputtar, men ho var underlagt eit uoffisielt publiseringsforbod frå 1925 til 1940. Frå 1925 til 1939 og frå 1946 til 1955 vart det ikkje trykt nokon fullstendige utgåver av poesien hennar, bortsett frå dikta i diktsyklusen Leve freden! (1950).[11] Aktiviteten hennar gjekk av den grunn meir i retning litteraturkritikk og omsetjingsarbeid. Ho laga lovpriste omsetjingar av Victor Hugo, Rabindranath Tagore og Giacomo Leopardi og tok for seg verka til Pusjkin og Dostojevskij. Mange av Akhmatova sine forfattar- og kunstnarvener forlét Sovjetunionen i tida 1921–1953, av frykt for fengsling eller død. Fram til 1964 var ho sjølv underlagt eit utreiseforbod. Mange utanlandske sovjetkjennarar trudde ho hadde døydd.[12][9]

I det ho sjølv kalla «dei vegetariske åra» hadde Akhmatova lite mat og nesten ingen pengar. Sonen blei utestengd frå akademiske studiar på grunn av foreldra sine påståtte antistatlege aktivitetar.[9] Den statlege undertrykkinga hadde ein stor innverknad på vennene hennar i St. Petersburg. Mandelstam vart deportert til ein gulagleir der han døydde i 1938. Akhmatova sjølv slapp såvidt unna arrestasjon, men sonen Lev blei fengsla talrike gonger, skulda for antirevolutsjonær aktivitet.[13] Akhmatova stod ofte i kø i timevis for å gje han matsendingar og be for han. Ho skildra ei hending utanfor eit fengsel:

« One day somebody in the crowd identified me. Standing behind me was a woman, with lips blue from cold, who had, of course, never heard me called by name before. Now she started out of the torpor common to us all and asked me in a whisper (everyone whispered there):'Can you describe this?'
And I said: 'I can.'
Then something like a smile passed fleetingly over what had once been her face.[14]
»

Akhmatova skreiv at i 1935 var det blitt slik at kvar gong ho var med nokon til jarnbanestasjonen for å ta farvel før dei drog i eksil, ville ho møta andre vener kvart steg av vegen som skulle dra med det same toget.[15] I diktarkrinsen hennar tok Majakovskij og Jesenin liva sine; Marina Tsvetajeva følgde i 1941 etter at ho kom tilbake frå eksil.[9]

Mot slutten av 1930-åra byrja Akhmatova å skrive diktet Rekviem, eitt av hennar mest kjende verk. Diktet er vigd minnet om alle som vart offer for Stalins terror, men vart utgjeve fyrst etter Akhmatova var død. I 1939 gav Stalin løyve til å gje ut ei diktsamling, men samlinga vart trekt tilbake og destruert etter berre nokre månader.[16] I 1993, vart det kjend at styresmaktene hadde avlytta og overvaka henne konstant.[17] Sjølv om ho verket til Akhmatova var forbode offisielt, fortsette det å sirkulera i løynd.[6][18] Ein nær venn av Akhmatova, Lydia Tsjukovskaja, har skildra korleis forfattarar heldt poesi i live ved hjelp av ulike teknikkar, til dømes ved å læra verka til kvarandre utanboks og berre dela dei munnleg. Ho har fortald korleis Akhmatova kunne skriva ned eit av dikta sine for ein besøkande på ein papirbit; etter at det var lese vart det brend i omnen hennar. Dikta hennar kunne spreiast i løynd på denne måten, men mange er truleg gått tapt.[19][14]

Under andre verdskrigen var Akhmatova evakuert frå Leningrad (St. Petersburg). Ho byrja skriva 'Dikt utan ein helt', som ho gjorde ferdig eit utkast av i Tasjkent, men fortsette å arbeida på i tjue år. Diktet var dedikert til vennane hennar og borgarane i Leningrad som døydde under den 900 dagar lange omleiringa.[20] Ho vart evakuert til Tsjistopol våren 1942 og deretter til Tasjkent i Usbekistan, som var grønare og tryggare, saman med andre kunstnarar, som Sjostakovitsj.[21][22] Ho kom tilbake til Leningrad i mai 1944.

Akhmatova måtte atter bøye seg for den politiske overmakta i 1946, då det vart kjend at den vestlege, liberale og jødiske Isaiah Berlin hadde besøkt Akhmatova. Sekretæren i sentralkomitéen, Andrej Zjdanov, fekk Akhmatova ekskludert frå forfattarunionen.[23][24] Sonen Lev vart arrestert att i 1949 og dømd til ti år i ein fangeleir i Sibir.[25] Dei påfølgjande åra verka Akhmatova for å få han frigjeven, og for å oppnå dette skreiv ho for første gong ope propagandissk poes, 'I lovprising av freden' som ope støtta Stalin og regimet hans.[26] Lev vart først frigjeven i 1956, lenge etter at Stalin var død.[26] Det er usikkert om dei pro-stalinistiske verka hennar hjelpte Lev, men dei kan ha redda livet til Akhmatova. I alle høve tok ho aldri med desse propagandadikta i dei offisielle diktsamlingane sine.[22][26]

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Akhmatovas forfattarskap heldt fram i det skjulte i mange år. Statusen hannar vart delvis oppreist etter Stalins død i 1953. I 1958 byrja ho på nytt å publisere sine litterære arbeid, men stendig sterkt sensurert. Ho fortsette å dikta, omsetja og arbeida med Pusjkin og sine eigne memoar.[27] Ho prøvde også å rekonstruera det halvbiografiske teaterstykket Enûma Elish frå 1940-åra, som ho hadde brent i frykt for straff.[28]

Akhmatova vart etterkvart æra både i heimlandet og i vesten. I 1962 vitja den amerikanske diktaren Robert Frost henne. Isaiah Berlin prøvde også å vitja henne att, men ho nekta å sjå han ettersom ho frykta at sonen kunne arresterast att på grunn av tilknytinga hennar til den ideologisk suspekte filosofen.[6][27] Ho inspirerte og rådgav ei rekkje unge sovjetiske forfattarar. Til datsjaen hennar i Komarovo kom diktarar som Jevgenij Rejn og Josef Brodskij, som ho rettleia.[29] Brodskij vart arrestert i 1963 og internert for «sosial parasittisme». Han vann seinare Nobelprisen i litteratur (1987) og vart Poet Laureate (1991) i eksil i USA.[29]

Som ein av dei siste gjenlevande viktige diktarane frå den russiske sølvalderen vart Akhmatova endeleg æra av dei sovjetiske styresmaktene som ein god og lojal representat for landet.[30] I 1965 fekk ho løyve til å reise utanlands, i det ho var tildelt Etna-Taormina-prisen og eit æresdoktorat ved universitetet i Oxford. To år før ho døydde vart Akhmatova vald til formann i forfattarunionen.

I november 1965, kort tid etter at ho hadde vore i Oxford, fekk Akhmatova hjarteattakk og kom på sjukehus. Ho vart flytta til eit sanatorium i Moskva våren etter. Her døydde ho 5 mars 1966. Det vart halde to minnemarkeringar i Moskva og Leningrad, med tusenvis av folk til stades. Anna Akhmatova ligg gravlagd på kyrkjegarden i Komarovo.[31]

Portrett[endre | endre wikiteksten]

Fleire kunstnarer laga portrett av Anna Akhmatova.[32] Det første grafiska portrettet av henne (bortsett frå Amedeo Modigliani sin teikning frå 1911) vart utført av Savelli Sorin (Petersburg, 1913 eller 1914).[33] Modigliani stod bak Akhmatova sitt eige favoritportrett, som ho alltid hadde på rommet sitt.[34] Andre portrettørar var N.J. Danko (skulptert portrett, 1924 och 1926), T.N. Glebova (1934), V. Milasjevskij (1921), J. Annenkov (1921), L.A. Bruni (1922), N. Tyrsa (1928), G. Verejskij (1929), N. Kogan (1930), B.V. Anrep (1952), G. Nemenova (1960–1963) og A. Tysjler (1943). Mindre kjenda er dei teikna silhuettane av Akhmatova frå 1936 utført i Voronezj av S.B. Rudakovij.[35]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Вечер. Sankt Petersburg 1912.
  • Чётки. Sankt Petersburg 1914.
  • Белая стая. Petrograd 1917.
  • Подорожник. Petrograd 1921.
  • Anno Domini MCMXXI. Petrograd 1922.
  • Из шести книг. Leningrad 1940.
  • Реквием (Rekviem). München 1963.
  • Бег времени. Samla dikt 1909–1965. Moskva-Leningrad 1965.

Nordiske omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Norsk
Svensk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Børtnes, Jostein; Lunde, Ingunn (25. februar 2020). «Anna Akhmatova». Store norske leksikon (på bokmål). 
  2. Аnna Achmatova // Krugosvet.
  3. Amanda Chejt Anna Achmatova. Pötitjeskoje stranstvije. Dnevniki, vospominanija, pisma. Arkivert 15. september 2016 på Wayback Machine. — 1991
  4. Volkov, Solomon (2010). St Petersburg: A Cultural History. Simon and Schuster. s. 162–163. ISBN 978-1-4516-0315-6. 
  5. Eg kviskrar det i svart kladd : Osip Mandelstam og andre akmeistar. Oslo: Samlaget. 2000. s. 24. ISBN 8252157173.  [Gjendikta av Jo Eggen]
  6. 6,0 6,1 6,2 Slate Magazine, "Anna Akhmatova: Assessing the Russian poet and femme fatale" by Clive James, 5 February 2007.
  7. Wells (1996) s.10
  8. Profile of Anna Akhmatova, Academy of American Poets
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Martin (2007) s. 7
  10. Akhmatova, Trans. Kunitz and Hayward (1973) s.15-16
  11. Rubintjik О. Anna Achmatova och den sovjetiska censuren. Arkivert 6. juni 2016 på Wayback Machine.
  12. Harrington (2006) s. 16
  13. Harrington (2006) s. 17
  14. 14,0 14,1 Michael Specter (6. juni 1995). «St. Petersburg Journal; If Poet's Room Could Speak, It Would Tell of Grief». The New York Times. Henta 2. juni 2011. 
  15. Wells (1996) s. 15
  16. Harrington (2006) s. 18
  17. Rappaport, Helen (2002) Joseph Stalin: a biographical companion. ABC-CLIO s. 2; ISBN 1-57607-208-8
  18. Booker, M.K. (2005), Encyclopaedia of Literature and Politics:Censorship, Revolution, and Writing Vol. 1 A-G. Greenwood s. 21; ISBN 0-313-32939-7
  19. Wells (1996) d. 67
  20. Martin (2007) s. 10
  21. Anna of All The Russians: The Life of Anna Akhmatova by Elaine Feinstein henta 13. august 2018
  22. 22,0 22,1 Bayley, John (1984) Selected Essays Cambridge University Press. «The greatness of Akhmatova: Requiem and Poem Without a Hero translated by DM Thomas». s. 140-142; ISBN 0-521-27845-7
  23. Martin (2007) s. 12
  24. "Akhmatova, Anna" Who's Who in the Twentieth Century. Oxford University Press, 1999. Oxford Reference Online.
  25. Martin (2007) s. 11
  26. 26,0 26,1 26,2 Wells (1996) s. 21
  27. 27,0 27,1 (1996) Wells s. 23
  28. Polivanov (1994) s. 213-214
  29. 29,0 29,1 Martin (2007) s. 2
  30. Wells (1996) s. 22
  31. McReynolds, Louise; Neuberger, Joan (2002). Imitations of life: two centuries of melodrama in Russia. Duke University Press. s. 293. ISBN 0822327902. 
  32. I hundra speglar. Anna Achmatova i samtida porträtt / Förord. N. I. Popovoj. О. Е. Rubintjik. Texter om porträtten — Т. S. Pozdnjakovoj, text om Achmatovas självporträtt — О. Е. Rubintjik, оm I.A. Brodskijs porträtt —E. B. Korobovoj. Konstnärsbiografi — G. P. Balog, Е. L. Кurnikovoj. — Мoskva 2004.
  33. Tolmatjev: Achmatova i konsten Arkivert 4. mars 2016 på Wayback Machine.
  34. Ljobimova, Antonina Vasiljevna. Anteckningar om möten // Om Anna Achmatova: Dikter, essäer, hågkomster, brev. — Leningrand.: Lenizdat, 1990. — S. 254.
  35. Porträtt av Anna Achmatova i kronologisk ordning
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]