Imboden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imboden
Bezirk Imboden, Plaun
distrikt
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Hovudstad Domat/Ems
Areal 203,81 km²
Folketal 18 773  (2010)
Kommunar 7
Kart
Imboden
46°51′ N 9°21′ E
Wikimedia Commons: Imboden (district)

Imboden (retoromansk Plaun) er eit landskap og eit forvaltnigsdistrikt i den sveitsiske kantonen Graubünden. Landskapet ligg i åmotet mellom Vorderrhein og Hinterrhein, som dannar Rhinen i kommunen Tamins. Imboden ligg såleis ved inngangen til dalane Surselva i vest og Hinterrheindalen (Sutselva) i sør. Imboden grensar til kantonane Glarus og St. Gallen i nord. Fjellkjeda Glarus-Alpane set stopp for direkte trafikksamband til dei to kantonane.

Imboden har eit areal på 203 km² og 17 700 innbyggarar. Talemålet i distriktet har i stor utstrekning vore retoromansk heilt til siste halvdelen av 1900-talet (46 % i 1980, 29 % i 1990). Sjølv om ein stor del av befolkninga forstår retoromansk, har einast 9 % behalde det som førstespråk. Dei fleste, 80 %, har i dag tysk som førstespråk. Fire prosent snakkar italiensk.

Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Imboden består av to krinsar (Kreise) og sju kommunar (Gemeinden), som har stor grad av politisk sjølvstyre. Desse er:

Kreis Rhäzüns / Circul da Razén
Namn Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk ret. ital.
Bonaduz 14 2592 88 % 5 % 2 %
Domat/Ems 24 6896 73 % 11 % 7 %
Rhäzüns 13 1220 79 % 10 % 3 %
Heile krinsen 51 10708 77 % 9 % 5 %


Kreis Trins / Circul da Trin
Namn Areal
(km²)
Folketal Språk
tysk ret. ital.
Felsberg 13 2051 92 % 3 % 1 %
Flims 51 2605 80 % 7 % 2 %
Tamins 41 1163 88 % 4 % 3 %
Trin 47 1142 73 % 20 % 3 %
Heile krinsen 152 6961 84 % 7 % 2 %

Kjelder[endre | endre wikiteksten]