Indrebøbibelen
| Språk | nynorsk | ||
|---|---|---|---|
| Utgjeven | 1938 | ||
Indrebøbibelen er ei nynorsk bibelomsetjing som kom ut i 1938. Det var ei revidert utgåve av Fyrebilsbibelen, som Studentmållaget gav ut i 1921. Han fekk namnet Indrebøbibelen etter dei to brørne som stod sentralt i arbeidet: Ragnvald Indrebø, som seinare vart biskop i Bjørgvin, og broren Gustav, som var professor i nynorsk.
|
I upphavet skapte Gud himmelen og jordi.
1. Mos. 1, 1-5 |
I denne utgåva var mykje av det særprega språket til Alexander Seippel tona ned, og nynorskutgåva var synkronisert med bokmålsutgåva.
Allereie same året som 1938-utgåva av Bibelen kom ut, vart det gjort eit rettskrivingsbrigde som var tolleg gjennomgripande for nynorsken. I 1959 førte også læreboknormalen til nye endringar. Målet i den nynorske bibelen kom difor til å skilje seg ikkje så lite frå den normalen som nynorskelevar møtte i skulen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bibeloversettelse før og nå, Bibelselskapet, arkivert frå originalen 16. desember 2008
- Bibelen i ulike norske omsetjingar
- Språknytt, 1976
- «Biografi over nynorskbibelen», Dag og Tid, 14. februar 2004, arkivert frå originalen 30. september 2007
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Indrebøbibelen ved nb.no