Ragnvald Indrebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnvald Indrebø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1891
Os
Død

26. juni 1984 (92 år)
Bergen

Yrke prest
Verv Luthersk biskop av Bjørgvin
Periode 1948-1961
Føregangar Andreas Fleischer
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Ragnvald Indrebø (22. november 189126. juni 1984) var ein norsk geistleg, lærar og forfattar som var biskop i Bjørgvin bispedømme frå 1948 til 1961. Indrebø var morfar til Ragnar Hovland.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ragnvald Indrebø var fødd i Os i Hordaland. Etter teologisk embetseksamen hadde han ei variert teneste i skule, kyrkje og organisasjonsliv:

Parallelt med tenesta var Indrebø lærar på Menighetsfakultetet. Frå 1938 til han blei biskop var han redaktør av Luthersk Kirketidende. Under andre verdskrigen var han frå 1942 medlem av Den midlertidige kirkeledelse etter at prestane hadde lagt ned tenesta i protest mot nazistyret under Nasjonal Samling. I 1947 kom han på andreplass i meinigheitsråda si avstemming om kven som skulle bli biskop i Hamar bispedømme. Det var Kristian Schjelderup som blei utnemnd.

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Indrebø er kjend som bibelomsetjar. Saman med broren Gustav Indrebø omsette han Bibelen til nynorsk i den utgåva som kom i 1938. Utgåva har fått kallenamnet Indrebøbibelen. Han skreiv også andre bøker:

  • Evangeliet i forkynning og sjelesorg: homiletikk (preikelære) (saman med Berg Rollnes og Joakim Kvistad) 1933 Lunde forlag
  • Forelesninger i pedagogikk 1946
  • Lidinga i ljoset frå Guds ord : Hudson Taylor : liv og virke NMS-forlaget
  • Kulturkrisa i dag 1950 Credo forlag
  • Mot sentrum 1951 Sambåndet forlag
  • Dei fyrste biskopane i Bjørgvin bispedømme 1971

Dessutan omsette han ein del konfirmasjonsbøker til nynorsk.

Salmediktar[endre | endre wikiteksten]

Norsk Salmebok og Norsk salmebok 2013 inneheld ein salme omsett av Indrebø: «Ditt verk er stort, men veik er eg».

Kyrkjevigslar[endre | endre wikiteksten]

Som biskop stod Ragnvald Indrebø for vigslinga av ei rekkje kyrkjer:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]