Inga Márjá Steinfjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinfjell (til høgre) med sametingspresident Aili Keskitalo og riksarkivar Inga Bolstad i samband med overføringa av Lappekodisillen til Samisk arkiv i oktober 2021.

Inga Márjá Steinfjell er ein samisk journalist og medievitar.[1]

Ho voks opp i Kautokeino, men familien har bakgrunn frå Namsskogan i Trøndelag. Ho snakkar nordsamisk og sørsamisk flytande.[2]

Steinfjell har verka som som produsent og programleiar for program om samiske tilhøve for Sveriges Radio.[3] Ho har også laga talkshowet Steinfjell & Steinfjell, send på svensk P2, Sameradion og NRK Sámi Radio, i lag med systera Máret Steinfjell.[4][2] I 2016 vann dei den nordiske språkprisen Gollegiella for showet, som ifølgje utdelarane «på kort tid er blitt en liten språkrevolusjon og en viktig del av språkrevitaliseringen i det sørsamiske området.»[5]

Steinfjell har også arbeidd på Samiskt språkcentrum ved Det svenske sametinget.[6] Sidan 2019 har ho vore leiar for Samisk arkiv i Kautokeino.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Danielsen, Emmi Alette (21. november 2019), «Nyetablerte Saernieh.no skal binde åarjel-sápmi sammen», NRK (på norsk bokmål), henta 23. mai 2020 
  2. 2,0 2,1 Schanche, Tor Emil (9. november 2016), «Hedret for radioshow på utrydningstruet språk», NRK (på norsk bokmål), henta 23. mai 2020 
  3. 3,0 3,1 «Sámi arkiiva / Samisk arkiv i Kautokeino har fått ny leder - Inga Marja Steinfjell. Hun tiltrer stillingen i august.», Mynewsdesk (på norsk), arkivert frå originalen 19. januar 2021, henta 23. mai 2020 
  4. Reitan, Andreas, «Sørsamisk talkshow», Nea Radio (på norsk), arkivert frå originalen 27. november 2021, henta 23. mai 2020 
  5. «Nytenkere tildeles Gollegiella-prisen», Regjeringen.no (på norsk) (Kommunal- og moderniseringsdepartementet), 8. november 2016, henta 23. mai 2020 
  6. «Inga Marja Steinfjell», Tjaktjen Tjaanghkoe (på norsk bokmål), henta 23. mai 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]