Det svenske sametinget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det svenske sametinget
Sametinget - Sami Parliament of Sweden.JPG
Sametinget sin kanslibygning i Kiruna.
Type Svensk statleg forvaltingsstyresmakt
Skipa 1. januar 1993
Hovudkontor Adolf Hedinsvägen 58, Kiruna
Ordförande
Styrelseordförande
Kanslichef
Stefan Mikaelsson (Min Geaidnu)
Håkan Jonsson (Jakt- och fiskesamerna)
Anja Taube
Nettstad http://www.sametinget.se/

Det svenske Sametinget (nordsamisk Sámediggi, lulesamisk Sámedigge, sørsamisk Saemiedigkie) er ein særskild svensk organisasjon for samane i Sverige som både omfattar eit statleg forvaltingsorgan og eit folkevald parlament.[1]

Sametinger har som hovudmål å arbeida for ein levande samisk kultur.[1] Med til dete rekner ein samisk næringsverksmed, som reindrift. Elles driv tinget fordeling av statlege middel frå Samefonden, forvaltar samisk utdanning og leier samisk språkarbeid. Det skal også informera om samiske tilhøvet. Oppgåvene til Sametinge er regulerte av Sametingslagen (SFS 1992:1433).[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opprettinga av Sametinget kom som resultat av fleire tiårs arbeid for politiske rettar, og i 1982 sette den svenske regjeringa i gang arbeidet med ei utgreiing, Samerättsutredningen. Regjeringa var likevel ikkje viljug til å gå lenger enn til eit organ med avgrensa påverknadskraft. I 1993 vart Sametinget grunnlagt som ei statleg myndigheit og eit folkevald organ. Som statleg myndigheit er Sametinget likevel tvinga til å setje i kraft den politikken som den svenske riksdagen og regjeringa fattar, noko som kan gå imot politikken til dei samiske partia.

Tilsvarande sameting finst også i Noreg (Sametinget i Noreg, oppretta 9. oktober 1989) og Finland (Sametinget i Finland, oppretta 1. januar 1996).

Plassering og bygning[endre | endre wikiteksten]

Det svenske sametinger har ingen fast parlamentsbygning. Forvaltingsdelen (Kansliet) har tilhald i Kiruna, med lokalkontor i Jokkmokk, Tärnaby og Östersund.

Etter ein lovnade frå statsminister Göran Persson i 2004 utreda Statens fastighetsverk (forvaltingsorganet for faste eigedommar i Sverige) ein sametingsbygning, og presenterte utredinga i 2005. Året etter blei det halde ein arkitektkonkurranse som Murman arkitekter frå Stockholm vann med bidraget BADJÁNEAPMI. Prosjektet blei forseinka av usemje om tomta - gruveselskapet i Kiruna, LKAB, motsette seg den utpeikte tomta, og Statens fastighetsverk trekte tilbake stønaden til prosjektet ettersom den bygde på denne tomta. Den nye allianseregjeringa gjekk likevel inn for at ein skulle fortsetja arbeidet. Etter forhandlingar mellom LKAB, Sametinget og Kiruna kommune blei det semje om ei ny tomt nær gamle gruvetår i Tuolluvaara og det nye rådhuset som skulle byggjast i Kiruna i samband med Kiruna byforvandling. Gjennomføringa av prosjektet er likevel framleis usikkert i 2017, utan budsjettert stønad og med nye invitasjonar frå Jokkmokk og Arvidsjaur.[3]

Folkevalde[endre | endre wikiteksten]

Sametinget har 31 folkevalde representantar.

I 2001 var det 6 701 registrerte røysteføre samar i Sverige. I 2017 hadde nær 9 000 registrert seg. Ein rekner med det finst 20 000-35 000 samer i Sverige.[1]

Etter sametingsvalet 2005 var seks parti representert på tinget:

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det svenske sametinget