Lappekodisillen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lappekodisillen
Grensekart fra 1765 over grensa mellom Danmark-Noreg og Sverige ved Kautokeino prestegjeld.

Lappekodisillen (eigentleg «Første Codicil og Tillæg Til Grendse-Tractaten imellem Kongerigerne Noreg og Sverrig Lapperne betræffende»), eller «Samanes Magna Charta» som avtala òg har vorte kalla, er namnet på eit tillegg til grensetraktaten av 21. september (jul.)/2. oktober 1751 (greg.) mellom Sverige (som den gongen inkluderte Finland) og Noreg, som på den tida var synonymt med Danmark-Noreg.

Lappekodisillen vart til som følgje av dei behova grensedraginga mellom Noreg og Sverige i 1751 reiste for å avklara rettssituasjonen for samane som budde i området. Han handla om retten samane hadde til å driva med reindrift på kryss av dei nye grensene. Årsaka var situasjonen som oppstod etter at Sverige tapte den store nordiske krigen. Samane, i det som no vert kalla Nordkalotten, er eit urfolk, med ei historie som går langt bak den tida då dei noverande statane vart danna og fekk sina noverande grenser.

Det samiske området vart i løpet av 1700-talet stykka opp mellom dei nordiske statane og Russland. Området frå Börgefjell og nordover var inntil 1751 delvis grenselaust land som ikkje var fullt ut underkasta jurisdiksjonen til nokon stat. I 1751 utvida Noreg (som den gongen var ein del av Danmark) og Sverige (som Finland den gongen tilhøyrde) statsgrensene sine til område som hadde vore utanfor nokon av desse land sine fulle territoriale jurisdiksjon, og dei etablerte dermed suverenitet over områda, samstundes som grensene mellom Noreg og Sverige vart fastlagt der. Særleg gjaldt dette det som no vert kalla som indre Finnmark, med tilgrensande område.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Pedersen, Steinar (2006) Lappekodisillen i nord 1751–1859 : fra grenseavtale og sikring av samenes rettigheter til grensesperring og samisk ulykke. Avhandling (dr. philos.) - Universitetet i Tromsø. ISBN 82-91636-23-0