Inger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Inger er eit kvinnenamn med nordisk opphav. Det viser opphavleg til guden Ing, og er truleg avleia av Ingjerd eller Ingrid.

Namnedagen til Inger er 26. februar, i Sverige 9. oktober.

Bruk av namnet[endre | endre wikiteksten]

Inger var lite vanleg i Noreg før 1900, men bruken voks og nådde ein topp i 1940-åra. Sidan avtok bruken igjen, og talet på jentebarn som får namnet Inger er no under 1880-nivået.

I 2004 var det 35 644 kvinner i Noreg med Inger som førenamn, i 2005 hadde talet sokke til 35 300. I 2003 var det om lag 80 000 personar i Sverige med Inger som førenamn og av dei om lag 44 000 som hadde det som tiltalenamn.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]