Inger Løite
Hopp til navigering
Hopp til søk
Inger Løite | |
Fødd | 27. september 1958 |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
1. verv | Ordførar i Gjerstad |
- periode | 2015– |
- føregangar | Kjell Trygve Grunnsvoll |
2. verv | Stortingsrepresentant |
- periode | 2005–2009 |
- valkrins | Aust-Agder |
Inger Haldis Løite (fødd 27. september 1958) er ein norsk arbeidarpartipolitikar. Ho vart innvald på Stortinget frå Aust-Agder i 2005. Ho kjem frå kommunen Gjerstad, lengst aust i Aust-Agder. Løite var medlem av Gjerstad kommunestyre i 1999-2003 og 2003-2007. Ho er ordførar frå 2015, sist attvald i 2019.[1]
Løite har jobba størsteparten av det yrkesaktive livet sitt som kundehandsamar i Telenor, og har mellom anna vore hovudtillitsvald ved Opplysningen 180. På Stortinget var ho medlem av Kommunal- og forvaltingskomiteen og Valkomiteen.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ NRK (11. september 2019), «Ordfører fortsetter», NRK, henta 11. oktober 2019