Ingolv Helland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingolv Helland
Fødd29. mars 1906
Hamre
Død4. september 1999
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Ingolv Helland (29. mars 19069. april 1999) var ein norsk gartnar og stortingsrepresentant frå Hamre i Hordaland. I åra frå 1961 til -69 møtte han på Stortinget for partiet Venstre og Rogaland fylke.

Far til Helland var lærar. Sjølv gjekk han gartnarskule i 1923 og arbeidde dei neste åra som gartnar i planteskule og gartneri. Frå 1930 dreiv han eige handelsgartneri i Stavanger til 1977. Han var formann i Gartneriets og Hagebrukets arbeidsgiverforening frå 1962 til 1974.

Helland var med i bystyret i Stavanger frå 1945 til 1963, åra 1952-61 med plass i formannskapet. Hausten 1961 vart han vald inn på Stortinget for Venstre, attvald fire år seinare. Dei fire fyrste åra på Tinget var han sekretær i Sosialkomiteen. Perioden 1965-69 var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen 1965-67 og framhaldet Industrikomiteen 1967-69. Samstundes var han siste fireårsperioden sekretær i Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi