Interseksualitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prideflagg som representerer interseksuelle folk.

Interseksualitet, eller det å vera intersex (latin inter, bokst. 'mellom'; engelsk sex, bokst. 'kjønn')[1], tyder at ein er fødd med kjønnskarakteristikum som ikkje passar med "vanlege binære syn på mannlege og kvinnelege kroppar". Det kan innebera variasjonar i kjønnsorgan, kjønnskjertlar eller kromosom.[2]

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Kvart år vert 10–15 nyfødde i Noreg diagnostiserte som interseksuelle.[1]

Kor mange interseksuelle det finst kjem an på kven ein reknar som interseksuell.[3] Ifølgje sexologen Anne Fausto-Sterling passar i hop 1,7 % av alle menneska ikkje til "eit platonsk ideal av absolutt tvideling i kjønnskromosom, kjønnskjertlar, kjønnsorgan og hormon".[4] Denne definisjonen omfattar nokre tilstandar som ikkje alle reknar som interseksualitet, inkludert somme som ikkje alltid viser symptom. Ifølgje psykologen Leonard Sax, om ein reknar bort fem av desse tilstandane, står ein igjen med kring 0,018 % av folkemengda.[3] Ein analyse frå 2018 seier at mellom 0,02 og 0,05 % av folkemengda har tvitydige kjønnsorgan.[5]

Menneskerettar[endre | endre wikiteksten]

SN sin høgkommissær for menneskerettar listar opp følgjande som vanlege brott på menneskerettane til interseksuelle personar:[2]

  • Barnedrap
  • Tvungen medisinsk behandling
  • Diskriminering i idrett, utdanning, arbeid og andre tenester
  • Manglange tilgjenge til rettsvern og botemiddel

Vald og barnedrap[endre | endre wikiteksten]

Interseksuelle barn har vorte offer for drap, lemlesting og forlating i fleire delar av verda. Somme stader vert interseksualitet knytt til trolldom eller forbanningar. Ungdomar og vaksne har og vorte utsette for mord, lemlesting, trakassering og stigmatisering. Somme interseksuelle personar har flykta og søkt asyl på grunn av forfølging, og nokon har vorte drivne på flykt av di dei har prøvd å fremma rettane til interseksuelle folk. På asylmottak kan interseksuelle flyktningar frykta vald frå andre der. Ei undersøking har vist at personar som er synleg interseksuelle har høgare risiko for diskriminering, deriblant vald, skjellsord, og å verta assosiert med skeivleik eller funksjonsnedsetting[6]:24–25

Tvungen medisinsk behandling[endre | endre wikiteksten]

██ Inngrep på interseksuelle folk utan samtykke er forbode ved lov ██ Inngrep på interseksuelle folk utan samtykke er stoppa ved forskrift

I mange land, inklusive Noreg,[1] vert interseksuelle barn behandla med blant anna kirurgiske inngrep og hormon (ofte kalla for "normalisering" eller "korreksjon") for å tilpassa kroppane deira til forventingar om mannlege og kvinnelege kroppar. Ifølgje høgkommissæren for menneskerettar er dette uturvande inngrep som bryt menneskerettar, som retten til fridom frå vald og retten til fridom frå eksperimentering. Det har òg vore vanleg å nekta offera innsyn i dei medisinske journalane sine.[6]:11–22

Kirurgiske inngrep i interseksuelle har vorte jamførte med kjønnslemlesting av jenter. Båe to er uturvande inngrep, men vert rettferdiggjorde med normative idear om kjønn og med forventingar og press frå sosiale krinsar. Det finst lell ein forskjell, i at samskipnadar av interseksuelle folk har stødd behandling dersom pasienten gjev informert samtykke; i tilfellet av kjønnslemlesting vert ikkje informert samtykke sett som ein akseptabel grunn.[6]:18

Kjønnsstereotypiar og samfunnsideal påverkar ofte avgjerda om behandling hjå lækjarar og føresatte. Foreldre vert ofte pressa til å samtykka til behandling. Somme tider får dei mangelfull eller feil informasjon, og vert ikkje informert om alternativ til behandling eller om ulemper og mogelege komplikasjonar. Avgjerder frå foreldre om behandling varierer sterkt avhengig av korleis helsepersonell snakkar om interseksualitet. Kirurgiske inngrep på interseksuelle personar er prega av mangel på innsyn. Trass i kliniske retningsliner og utsegn imot unaudsynlege inngrep, og trass påstandar om at ein går bort fra slike inngrep, viser den statistikken som finst ingen nedgang i tal operasjonar. Ifølgje den tyske lækjarforeininga vert retningsliner ignorerte og tilsyn manglar.[6]:18–19

Diskriminering[endre | endre wikiteksten]

Interseksuelle personar har høgare førekomst av fattigdom, og svært mange forlet skulen, særleg under puberteten. Dei fleste lovane mot diskriminering vernar ikkje interseksuelle. Interseksuelle folk har og fleire helseproblem, og kan ha store vanskar med jobb og karriere.[6]:38–39

Interseksuelle idrettsutøvarar er særleg utsette for diskriminering. Idrettsforbund krev tilsyn av kroppane til utøvarar, og pålegg ofte testing av hormon eller kromosom. Fleire interseksuelle kvinner har vorte ekskluderte frå idretten eller utsette for audmjuking på grunn av sin tilstand. Andre har vorte tvungne til å gå gjennom unaudsynlege inngrep som fjerning av kjønnsorgana og kjønnslemlesting for å søkkja androgennivåa. Det finst per 2019 ikkje tilstrekkeleg vitskapleg prov for at interseksuelle kvinner har ein betydeleg føremon i idretten. Caster Semenya er eit kjent døme av ein idrettsutøvar som har vorte kjønnstesta av Det internasjonale friidrettsforbundet. I 2018 utfordra ho forbundet sitt reglement om interseksuelle framfor Den internasjonale skilsdomsretten for sport.[6]:39–40

Per 2019 er diskriminering mot interseksuelle personar forbode i Sør-Afrika, Australia og Malta.[6]:40

Tilgjenge til rettsvern og botemiddel[endre | endre wikiteksten]

Per 2019 finst det få tilfelle av at interseksuelle folk som har gjennomgått inngrep utan samtykke har fått godtgjersle. Høve som kan gjera det vanskeleg å få godtgjersle er påstandar om at det har funnest eit konsensus om naudsynet av slike inngrep, og den langvarige skikken av å skjula intersex-status og tilknytte inngrep frå offera. Vellykkka søksmål om godtgjersle for samtykkelause inngrep har funnest i Chile og Tyskland, medan liknande søksmål har vorte avviste i Australia og Sambandsstatane. Fleire internasjonale organ har gjeve uttrykk for uro på grunn av mangel på sannleik, bøting og godtgjersle for personar som har vorte offer for uturvande og skadelege inngrep. Per 2019 har ingen vorte skyldgjeven for menneskerettsbrott mot interseksuelle personar.[6]:42–44

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «intersex» i Store medisinske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 «Intersex people» (på engelsk). SN sin høgkommissær for menneskerettar. 
  3. 3,0 3,1 Leonard Sax (2002). «How common is lntersex? A response to Anne Fausto‐Sterling». The Journal of Sex Research (på engelsk) 39 (3): 174–178. doi:10.1080/00224490209552139. 
  4. Blackless, Melanie; Charuvastra, Anthony; Derryck, Amanda; Fausto-Sterling, Anne (2000). «How sexually dimorphic are we? Review and synthesis». American Journal of Human Biology (på engelsk) 12 (2): 151–166. doi:10.1002/(SICI)1520-6300(200003/04)12:2<151::AID-AJHB1>3.0.CO;2-F. 
  5. Selma Feldman Wichtel (april 2018). «Disorders of sex development». Best Practice & Research Clinical Obstetrics & Gynaecology (på engelsk) 48: 90–102. doi:10.1016/j.bpobgyn.2017.11.005. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Human Rights Violations Against Intersex People: A Background Note. SN sin høgkommissær for menneskerettar. 2019.