Irpin-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Irpin
Ірпінь
elv
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Lengd 162 km
Munning Kievreservoaret i Dnepr

Irpin-elva
50°6′58″ N 29°11′8″ E
Wikimedia Commons: Irpin River

Irpin eller Irpen (ukrainsk Ірпі́нь; russisk Ирпе́нь) er ei elv i Ukraina og ei høgre sideelv til Dnepr.

Ho er 162 km lang og renn gjennom byen Irpin. Elva munnar ut i Dnepr i Kievreservoaret. Vassnivået i Dnepr på denne staden er derfor opp mot sju meter over det naturlege nivået, så vatnet frå Irpin vert pumpa opp i Kievreservoaret av kraftige elektriske pumper, slik at Irpin i røynda renn oppover.

Området kring Irpen var hjarte i Kievriket og historia nemner elva i samband med fleire viktige hendingar, som slaget ved Irpen i 1321 der storhertugen av Litauen Gediminas (Gedemin) fekk kontroll over landområdet som i dag er det sentrale Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°27′41.18″N 30°31′47.6″E