Isabella d’Este

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isabella d’Este
Da Vinci Isabella d'Este.jpg
Skisse av Isabella d'Este utført av Leonardo da Vinci
Fødd18. mai 1474
Ferrara
Død13. februar 1539
Mantova
TittelRegent
Alle titlarhertug, hertuginne
Hus eller slektHuset Este, Huset Gonzaga
GravstadCon altura
MorEleanor of Naples, Duchess of Ferrara
FarErcole I av Este
EktefelleFrancesco II Gonzaga
BarnFederico II Gonzaga, Eleonora Gonzaga della Rovere, Ercole Gonzaga, Ferrante Gonzaga, Ippolita Gonzaga, Paola Gonzaga

Isabella d'Este, marchesa av Mantova, (19. mai 147413. februar 1539), var ei framtredande adelsdame i den italienske renessansen. Ho var ovende kulturmedveten, rådde for sitt eige hoff, og har mykje av æra for framvoksteren av musikalske former som madrigalen og frottolaen.

Ho var regent av Mantova når ektemannen, Gianfrancesco II Gonzaga, var fråverande og før sonen, Federico II Gonzaga, blei myndig. I 1500 møtte ho kong Ludvig XII av Frankrike i Milano på ei diplomatisk reise for å overtale han til å ikkje senda soldater mot Mantova.

Familiebakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Isabella (Elisabet) var frå den kjende Este-familien som rådde for Ferrara. Ho var dotter av Ercole d’Este, hertug av Ferrara, som mellom anna var arbeidsgjevar for Josquin des Prez. Mora var Leonora av Napoli,[1] frå det aragonesisk-napolitanske fyrstehuset som var datter av kong Ferdinand I av Napoli og Isabella av Taranto.[2]

Ho var eldre søster av Beatrice d’Este, som vart gift med Ludovico Sforza, hertugen av Milano. I si tid var Isabella kjend som «La Prima Donna», verdas førstedame, og hadde skyldfolk i nærpå alle dei fyrstehusa som fanst i Italia på den tida.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Miniatyr av Isabella

Store mengder brev mellom Isabella, familien hennar og vener gjer at livet hennar er uvanleg veldokumentert for denne tida.[3] Ho blei fødd tysdag 19. mai 1474 klokka 9 om kvelden[4][a]

Isabella var den eldste i ein søskenflokk på seks. Ho var rekna som yndlingen i flokken, og favorisert framfor brørne sine. Frå mora, Leonora, lærde Isabella mykje om politiske tilhøve i Italia.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Isabella var særs lærenem. Ho var intelligent og tok snøgt til seg den lærdomen ho fekk. Ho studerte romersk historie, omsette tidleg frå gresk og latin, og kunne sitere frå Vergil og Terents. Ho tala mykje med sendemennene som kom til hoffet, og ho synte interesse for dei mange kunstnarane som var tilsette der. Ho vart lova bort til Francesco Gonzaga alt då ho var seks år gamal og førebudd på rolla som husfrue i Ferrara.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

I 1490, då ho var 16 år gamal, vart ho gifta bort til markien av Mantova, Francesco II Gonzaga. Ho hadde sans for han, sjølv om han var ljot, er det fortald, og ho sette pris på styrken og førleiken hans. Han skreiv mange dikt til ho i trulovingstida, som ho tok samvetsfullt vare på.

Francesco var ni år eldre enn Isabella, og han laut ofte fara ut på hærferd eller sendeferd. I slike tider hadde Isabella det heile og fulle tilsynet med hoffet og husstellet i Ferrara. Ho hadde ofte mor si og søster si hjå seg, og ho vart god ven med versøstera. Elisabetta Gonzaga.

Kunstdyrkaren[endre | endre wikiteksten]

Isabella nytta mykje av tida si på kunst, som ho samla, og på musikk, som ho spela. Ho øvde mellom anna mykje på lutt og song sjølv til. Ho hadde lært seg luttspel alt då ho var lita, og no tok ho til seg andre instrument attåt. Ho rekna dikting som ufullkomen så lenge dei ikkje var tonesette.

Isabella kalla gjerne til seg kunstnarar, som Leonardo da Vinci, Tizian, og Rafael. Leonardo skal ha laga eit portrett av ho. Tizian laga to.

Isabella samla gjerug på gamal gresk kunst, og ho ivra for dei klassiske ideala. Ho sette støtt dei gamle greske meistrane over dei nye, slike som Michelangelo. Gonzagaene stødde Ariosto økonomisk i denne tida, medan han skreiv Orlando Furioso, hovudverket sitt.

Som tida gjekk, fekk ho sju born; mest kjende er sonen Federigo Gonzaga og dottera Leonora, som var den eldste.

Politisk liv[endre | endre wikiteksten]

I 1509 laut Isabella rå for byen åleine, då Francesco vart teken til fange av den franske kongen, som gjekk på hærtog i Italia i nett desse åra. Han vart ikkje sloppen før i 1512, då det kom til fredsavtale med Frankrike. Isabella hadde vard Ferrara mot franske åtak i desse åra, og vunne stort gjetord ved det. I tida etter frigjevinga var Francesco svekka av fangenskapet, og ovundssjuk på Isabella, som tydeleg hadde makta. Dette tærde på samlivet deira, og Isabella reiste til Roma ei tid, der ho var gjest hjå pave Leo X. Francesco døydde i 1519, og Isabella kom attende til Mantova. No rådde ho byen på vegner av sonen sin, Federigo. Ho auka stillinga for Mantova monaleg, mellom anna ved å hevja byen frå eit marki til eit hertugdøme. Ho nytta dei politiske kontaktane sine, og sytte for at ein av dei yngre sønene vart kardinal. Ho synte og stor diplomatisk teft då ho tinga med Cesare Borgia, som hadde avsett mannen til versøstera, Elisabetta Gonzaga.

Isabella sa sjølv ho treivst best i Roma, og reiste attende dit då sonen tok over i Ferrara. I 1527 varde ho borga si der mot franske åtak, med stort hell.

Mot slutten av livet reiste ho heim til Mantova att, og sette opp ei skole for jenter der. Ho gjorde Mantova til eit kulturelt senter, og laga museum av kunstsamlinga si. Ho rådde og for eit eige område i Romagna til ho døydde i 1539.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. I Italia på 1400-talet byrja dagen ved solnedgang og ikkje ved midnatt; derfor indikerer det at Isabella sin fødsel fann stad ved andre time den 19. mai at ho faktisk var fødd den 18. mai kl. 21 etter moderne tidsrekning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ady, Julia Mary Cartwright (1907): Isabella d'Este, marchioness of Mantua, 1474-1539: a study of the renaissance, bind 1
  2. Marek, s. 12
  3. Marek, s. xiv
  4. Marek, s. 12: Mor til Isabella mor skreiv eit brev til venninna Barbara Gonzaga der ho gav detaljar om fødselen.
  • Marek, George R. (1976): The Bed and the Throne: The Life of Isabella d'Este. New York: Harper and Row Publishers. ISBN 978-0060128104.