Isfall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det 730 m høge isfallet (i midten) i Rooseveltbreen på Mount Baker i Washington i USA.

Eit isfall eller brefall er ein del av somme isbrear som strøymer raskt og har ei kaotisk overflate med mange bresprekker. Isfalla oppstår der flata under isbreen vert bratt og/eller smalare. Isfall kan samanliknast med fossefall, som liknar men har langt høgare fart.

Dei fleste isbreane flyt med ein fart på nokre få hundre meter i året eller mindre. I eit isfall kan farten vere i kilometer per år. I slik rask straum vert ikkje isen deformert plastisk, men i staden vert det danna brot i isen i form av bresprekker. Sprekker som kryssar kvarandre dannar issøyler eller pinakkelar. Desse prosessane er stort sett umerkelege, men ein pinakkel kan brått kollapse eller velte utan åtvaring. Dette er ein stor risiko for fjellklatrarar som klatrarar i eit isfall.

Nedanfor isfallet vert undersida av breen flatare og/eller breiare, og isstraumen går seinare igjen. Bresprekkene lukkar seg og overflata vert mykje jamnare og lettare å krysse.

Eit isfall gjev is til Lambertbreen i Antarktis.

Høgdene til isfalla varierer mykje. Isfallet på Rooseveltbreen på nordsida av Mount Baker (Kaskadefjella i USA), er krig 730 meter høg (biletet til høgre). Isklippene på venstresida av isfallet og over steinane som dekkjer isen er 20 til 40 meter høge. Isfall er typiske for fjellbrear og oppstår når isen strøymer frå høge platå til ein lågare dal. Mykje større isfall finn ein i breutløåarar frå kontinentale iskalottar. Isfallet som gjev is til Lambertbreen i Antarktis (biletet til venstre) er 7 km breitt og 14 km langt, sjølv om høgdeskilnaden berre er 400 meter.

Isfall vert ofte nytta til isklatring. I somme tilfelle kan isfalla verte den enklaste eller einaste vegen opp ei fjellside. Eit døme er Khumbuisfallet på den nepalesiske sida av Mount Everest. Det ligg kring 5500 meter over havet.

Eit lite isfall på austsida av den nye Crater GlacierMount Saint Helens.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Isfall