Kaskadefjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mount Shasta frå Siskiyou Trail

Kaskadefjella (Cascade Range på engelsk) er ei stor fjellkjede i vestlege område av Nord-Amerika, som strekkjer seg frå sørlege delar av British Columbia gjennom Washington og Oregon til nordlege delar av California. Ho har mellom anna vulkanske fjell, kalla High Cascades. Alle kjende vulkanutbrot i USA har vore i dette området, og dei siste utbrota var Lassen Peak frå 1914 til 1921 og eit stort utbrot frå Mount St. Helens i 1980. Mount St. Helens har òg hatt mindre utbrot i ettertid, sist gong i 2005.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I sør er fjellkjeda 50 til 80 km brei med fjelltoppar opp til 1 500 m, men er breiare med høgare toppar i nordlege område. Den høgaste toppen er Mount Rainier på 4 392 m. Områda nord for Mount Rainier vert kalla Dei nordlege kaskadane (North Cascades), og er svært ulendt, med bratte fjellsider som er dekte av isbrear. Dalane her er derimot låge, og dei store passa er ikkje høgare enn 1 000 m.

Sidan fjellkjeda ligg nær Stillehavet får dei vestlege fjellsidene mykje nedbør, og enkelt område, som Mount Baker har ein midla årsnedbør på 3 800 mm. Her har ein òg det største snøfallet i verda som har kome i løpet av eit år (1999), og ein kan få kratig snøfall så lågt som 600 m. Det er ikkje uvanleg at stader i Kaskadefjella har over 5,5 m snø på bakken, og er med det eit av dei mest snørike områda i verda. High Cascades er derfor som regel dekt av snø året rundt. Dei vestlege fjellsidene er tett dekte av gran og or, medan den tørrare austsida for det meste har furu og lerketre i høgare område. Austsida av fjellkjeda ligg i regnskugge, og har ikkje meir enn om lag 200 mm i året ved foten.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Indianarar som har budd i området i tusenvis av år utvikla sine eigne myter og legender om Kaskadefjella. I følgje nokre av desse sogene vart fjella brukt som tilfluktsstad under episodar med store flaumar.

Våren 1792 kom den britiske navigatøren George Vancouver til Puget Sound og gav namn til mange av dei høge fjella han såg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kaskadefjella