Ishockey-VM 1993

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen i ishockey 1993 vart arrangert i München og Dortmund i Tyskland i tida frå 18. april til 2. mai 1993. Russland vart verdsmeister, Sverige tok sølv og Tsjekkia bronse.

Meisterskapen vart avvikla gjennom gruppespel og påfylgjande utslagsspel. Dei 12 deltakarlanda var delt i to grupper à 6 lag. Dei fire beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til utslagskampar basert på plasseringa i gruppespelet; kvartfinalar, semifinalar, bronsefinale og finale.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom Russland og Sverige og fann stad i München med 10 500 tilskodarar til stades. Midtvegs i fyrste omgang leia Russland 2-0 etter skåringar av German Titov og Andrej Nikolisjin. I den andre perioden auka Andrej Khomutov til 3-0. Ti minuttar før full tid reduserte Mikael Renberg til 1-3, noko som vart sluttresultatet.

Russland sitt meistermannskap[endre | endre wikiteksten]

Målvakter: Maksim Mikhajlovskij, Andrej Zujev, Andrej Trefilov
Forsvarar: Dmitrij Frolov, Ilja Bjakin, Dmitrij Jusjkevitsj, Aleksandr Karpovtsev, Andrej Saposjnikov, Sergej Sjendelev, Aleksandr Smirnov, Sergej Sorokin
Løparar: Konstantin Astrakhantsev, Vjatsjeslav Butsajev, Aleksej Jasjin, Valerij Karpov, Andrej Nikolisjin, German Titov, Igor Varitskij, Vjatsjeslav Bykov, Andrej Khomutov, Sergej Petrenko, Sergej Pusjkov, Jan Kaminskij

Tsjekkia sikra seg bronsemedaljane etter 5-1 over Canada.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Sverige – Tsjekkoslovakia 4-3e
  • Russland – Canada 7-4

Kvartfinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Sverige – USA 5-2
  • Tyskland – Russland 1-5
  • Finland – Canada 1-5
  • Tsjekkia – Italia 8-1

Nedrykk[endre | endre wikiteksten]

Dei fire laga som enda sist i gruppespela møttest til nedrykkskampar. I den avgjerande kampen vann Noreg med 5-2 over Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]