Ishockey-VM 1995
Verdsmeisterskapen i ishockey 1995 vart arrangert i Gävle og Stockholm i Sverige i tida frå 23. april til 7. mai 1995. Finland vart verdsmeister for aller fyrste gong, etter finalesiger over arrangørlandet Sverige. Bronsemedaljane tok Canada.
Meisterskapen vart avvikla gjennom gruppespel og påfylgjande utslagsspel. Dei 12 deltakarlanda var delt i to grupper à 6 lag. Dei fire beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til utslagskampar basert på plasseringa i gruppespelet; kvartfinalar, semifinalar, bronsefinale og finale.
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen mellom Sverige og Finland fann stad i Globen i Stockholm. Ville Peltonen gav Finland leiinga etter vel 8 minutts spel. Litt før halvvegs i den andre perioden la same mann på til både 2-0 og 3-0. Tidleg i tredje periode auka lagkapteinen Timo Jutila til 4-0, før Jonas Bergqvist var frampå for Sverige og fastsette sluttresultatet til 1-4, fordel Finland.
Finland sitt meistermannskap
[endre | endre wikiteksten]Målvakter: Jarmo Myllys, Ari Sulander, Jukka Tammi
Forsvararar: Marko Kiprusoff, Petteri Nummelin, Erik Hämäläinen, Timo Jutila, Janne Niinimaa, Hannu Virta, Mika Strömberg
Løparar: Janne Ojanen, Esa Keskinen, Saku Koivu, Marko Palo, Raimo Helminen, Antti Törmänen, Ville Peltonen, Jere Lehtinen, Juha Ylönen, Sami Kapanen, Tero Lehterä, Mika Nieminen, Raimo Summanen
Canada sikra seg bronsemedaljane ved å vinne 4-1 over Tsjekkia.
Semifinalane
[endre | endre wikiteksten]- Sverige – Canada 3-2 et
- Finland – Tsjekkia 3-0
Kvartfinalane
[endre | endre wikiteksten]- Sverige – Italia 7-0
- Finland – Frankrike 5-0
- Tsjekkia – Russland 2-0
- Canada – USA 4-1
Nedrykk
[endre | endre wikiteksten]Dei to laga som enda sist i gruppene møttest til nedrykkskampar. Austerrike sigra med 4-0 og 4-4 mot Sveits.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Världsmästerskapet i ishockey för herrar 1995» frå Wikipedia på svensk, den 12. desember 2019.