Jonas Bergqvist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonas Bergqvist

Jonas Bergqvist.jpg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 26. september 1962
Hässleholm
Idrett ishockey
Yrke ishockeyspelar

Pär Jonas Bergqvist (fødd 26. september 1962) er ein svensk tidlegare ishockeyspelar, fødd i Hässleholm. Han er trefaldig verdsmeister med Sverige; 1987, 1991, 1998 og olympisk meister 1994 på Lillehammer.

Bergqvist var høgreveng på Leksands IF frå 1981 til 1998, bortsett frå 1989/90-sesongen i Calgary Flames og sesongen etter i Mannheimer ERC. Han la opp i 1999, etter ein siste sesong i Feldkirch i Austerrike.

Frå 1986 til 1998 var Bergqvist med om å vinne sju medaljar i verdsmeisterskap i ishockey og to olympiske ishockey-medaljar. Medaljehaustinga tok til med sølv i 1986 og gull i Austerrike i 1987. Sidan fekk han bronse under Vinter-OL 1988 før han i 1991 vart verdsmeister for andre gong, der den avgjerande kampen fann stad i Turku i Finland. I 1993 vart det finaletap for Bergqvist og Sverige i verdsmeisterskapen mot Russland. Under dei olympiske vinterleikane 1994 på Lillehammer fekk Sverige si einaste gullmedalje då Tre Kronor lukkast vinne over Canada i ein jamn finale. Seinare i OL-sesongen tok Sverige bronseplassen, medan laget året etter måtte tole finaletap mot Finland då VM 1995 fann stad på svensk is. Bergqvist henta si niande internasjonale medalje då Sverige gjekk til topps i Ishockey-VM 1998 i Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]