Isjenbaj Kadyrbekov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isjenbaj Kadyrbekov

FøddИшенбай Дүйшөнбаевич Кадырбеков
16. juli 1949 (74 år)
Naryn
Statsborgar avSovjetunionen, Kirgisistan
Partipartilaus
Yrkepolitikar
Alle verv
  • Kirgisistans president (2005–2005)
  • Member of the Supreme Council of Kyrgyzstan Sjå dette på Wikidata

Isjenbaj Dujsjonbajevitsj Kadyrbekov (fødd 16. juli 1949) er ein kirgisisk politikar som var formann i nasjonalforsamlinga i Kirgisistan[1] og fungerande president frå 24. til 25. mars 2005.[2] Kadyrbekov er partipolitisk uavhengig.

Våren 2005 kom det til store demonstrasjonar i Kirgisistan og hovudstaden Bisjkek mot regjeringa og president Askar Akajev spesielt. Bakgrunnen var misnøye med eit styre som med åra var blitt meir og meir autoritært og korrupt. Den 24. mars storma demonstrantar presidentpalasset i det som blei kalla Tulipanrevolusjonen, og tvinga presidenten til å trekkje seg. Akajev rømde til Moskva, og Kadyrbekov blei mellombels innsett som fungerande president i eigenskap av stillinga si. Dagen etter, 25. mars, blei den tidlegare statsministeren Kurmanbek Bakijev innsett som fungerande president fram til ein kunne gjennomføra nytt presidentval.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «New leader tries to end rivalry in Kyrgyzstan». The New York Times. 29. mars 2005. 
  2. «Kyrgyz parliament names acting head». RTÉ News. 24. mars 2005. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.