Isle Martin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isle Martin
Lokalt namn: Eilean Mhàrtainn
Geografi
Isle Martin is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°56′42″ N 5°13′30″ WKoordinatar: 57°56′42″ N 5°13′30″ W
Øygruppe Summer Isles

Areal 1,57 km²

Høgaste punkt 120 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland

Demografi
Folketal 0

Isle Martin er ei folketom øy i Loch Broom på vestkysten av Skottland. Ho er den av øyane i Summer Isles som ligg nærast Ullapool. Det har stått eit kloster, sildefiskeri og ei mølle på øya. I dag er øya eit fuglereservat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nordsida av Isle Martin består av klipper.
Ceatha Chaluim Ruaidh på nordvestenden av Isle Martin.
Kaien på Isle Martin. Bakom muren ligg hust til forvaltaren, den einaste bustaden på øya. Øya er eigd av The Isle Martin Trust.

St. Martin, som øya er kalla opp etter, skal ha grunnlagd eit kloster på øya rundt år 300-400 e.Kr. Det står ein stein med ein latinsk trippelkross frå 400-700 e.Kr. på øya, som truleg er knytt til den keltiske kyrkja. Her finst òg eit kapell frå tida etter reformasjonen og ruinane av ei gammal gate med hus og ein gammal skule. Det finst andre hus og eit nyare skulebygg nær kaien.[1]

Jordbruk og fiske var hovudnæringa på øya. Ho var eit senter for fiskehadnel med eit fiserki, før Ullapool vart grunnlagd. Øya vart delt inn i husmannsplassar i 1831 og denne praksisen heldt fram til 1960-åra. Ho vart hovudsakleg nytta til oppdrett av kveg og sau, og berre eit lite område sør på øya kunne nyttast til dyrking.[2]

Det var ei mølle i drift på øya mellom 1939 og 1948. Dei fleste av arbeidarane her pendla frå fastlandet, men nokre hus vart bygde på denne tida. Kveite vart ført attende til Ullapool og frå der ført vidare til bakeri i Nord-Skottland. Mølla vart lagt ned i 1948.[3]

I 1960-åra vart øya kjøpt av Monica Goldsmith. Ho gjorde fleire utbetringar, som å legge vatn og straum til øya, og i 1969 vart alle sauar fjerna. I 1980 gav ho øya til Royal Society for the Protection of Birds (RSPB) for at øya skulle bevarast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Isle Martin encompasses history of Highlands». Ross-shire Journal. 25. august 2006. Henta 24. februar 2010. 
  2. «Isle Martin Trust». Henta 24. februar 2010. 
  3. Roy Osborne. «The Isle Martin Trust». Caledonia Centre for Social Development. Henta 24. februar 2010.