István Rózsavölgyi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
István Rózsavölgyi


Statsborgarskap Ungarn
Fødd 30. mars 1929
Budapest
Død

27. januar 2012 (82 år)
Budapest

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956

Utmerkingar

offiser av Ungarns fortjenstorden

István Rózsavölgyi (30. mars 192927. januar 2012) var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Budapest som i 1956-57 var verdsrekordhaldar på 1500 meter. Han vann i 1960 den olympiske bronsemedaljen på distansen.

3. august 1956 i Tata forbetra Rózsavölgyi verdsrekorden på 1500 meter til 3.40,6. Vel tre månader seinare rauk han ut allereie i forsøket under dei olympiske sommarleikane i Melbourne. Etter ein svak 1957-sesong, der han mista verdsrekorden på 1500 meter, kom Rózsavölgyi sterkare tilbake i 1958. Under europameisterskapen i Stockholm enda han på fjerdeplassen på 1500 meter. I 1959 noterte han seg for årsbeste i verda då han vart klokka inn 3.38,9. Ein dryg månad før Sommar-OL 1960 presterte Rózsavölgyi livsbeste 3.38,8 då han vart ungarsk meister heime i Budapest.

Til sommarleikane i Roma kom Herb Elliott frå Australia som klar favoritt. I finalen tok australiaren føringa og sprang i mål til suveren verdsrekord 3.35,6. Han var om lag 20 meter framom Michel Jazy, fem meter bak franskmannen vann Rózsavölgyi bronsen på 3.39,2. Ungararen la opp i 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]