Ivar Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Lund
Fødd 17. januar 1871
Skjåk
Død

22. februar 1904 (33 år)
Christiania

Yrke kunstmålar, grafikar
Ivar Lund på Commons

Ivar Olsson Lund (17. januar 187122. februar 1904) var ein husmålar, kunstmålar og grafikar frå Skjåk. Som kunstnar er han særleg kjend for ei rekke bilete frå fabrikk- og fattigstrok langs Akerselva i Kristiania.

Faren Ole Sylfestsen Lund var lærar og kyrkjesongar i Nordberg sokn i Skjåk. Familien dreiv i tillegg småbruket Austin, som dei sjølve hadde rydda og dyrka opp. Ivar Lund fatta interesse for målaryrket då husmålaren Lars Midttun måla stova deira på Austin. I tida 1892-96 gjekk Lund i målarlære i Trondheim. Våren 1896 flytta han til Kristiania for å praktisere yrket der. Han heldt fram med å livnære seg delvis av målaryrket alt medan han vidareutdanna seg til kunstmålar. Same året han kom til Kristiania byrja han på Teikneskulen. Sidan gjekk han i lære på målarskulen til Fredrik Kolstø i Kristiania i 1898, i Stockholm i 1900 og i København 1901-02 med den naturalistiske målaren Laurits Tuxen som hovudlærar, så atter i Kristiania med Erik Werenskiold og hausten 1902 byrja han i den nye raderklassen (grafisk biletproduksjon) under Johan Nordhagen. Desse to siste åra av livet sitt budde han også ein del av tida i heimbygda Skjåk, inn i mellom skulegangen og arbeidet i Kristiania.

Lund vart lagt merke til frå debuten på haustutstillinga 1898? Debutmåleriet Husandagt på haustutstillinga portretterer foreldra og gjev eit innsyn i den kristelege heimen han voks opp i. Han høyrde til dei såkalla Kristianiarealistane, ei gruppe målarar med eit formspråk i slekt med naturalismen. Måleria er fargesterke og utført med brei pensel. Det naturalistiske motivvalet og målemåten vert rekna som ein reaksjon på 1890-åras nyromantikk og symbolisme. Lund måla ei rekkje bilete frå austkanten i Kristiania, arbeidar- og industristrok særleg langs Akerselva. Han måla òg sjangerbilete, portrett og landskap frå andre stader enn hovudstaden.

Lund-bilete var å sjå på Haustutstillingane 1899, 1901, 1902 og 1903, i Stockholm i 1904, på jubileumssutstillinga i Kristiania i 1914, og i 1932 på «Høstutstillingen gjennem 25 år» i Oslo. Både Nasjonalgalleriet, Oslo Bymuseum og Rasmus Meyers Samlinger i Bergen eig Lund-verk. Eit av hans siste måleri er Interiør fra Nasjonalgalleriet (1904) med motiv frå den tidlegare skulptursalen.

Lund vart funnen omkomen åleine på hybelen sin i Kristiania, råka av blodstyrting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]