Jörgen Brink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jörgen Brink
BRINK Joergen.jpg
Statsborgarskap Sverige
Fødd 10. mars 1974
Hudiksvall
Idrett langrenn
Yrke skiskyttar, langrennsløpar

Jörgen Brink (fødd 10. mars 1974) frå Delsbo er ein svensk langrennsløpar og skiskyttar. Han bur i Sollefteå og tevlar for Hudiksvalls IF.

I VM 2003 i Val di Fiemme vann Brink tre bronsemedaljar, på duatlon (10 km klassisk + 10 km fri), på 50 km og på 4 x 10 km stafett. Han vert særleg hugsa for sin kollaps på stafetten. Han gjekk ut på siste etappe i ganske klar leiing, men gjekk tom etter ca 8 km og vart forbigått straks før oppløpet av både Thomas Alsgaard og av Tysklands Axel Teichmann.[1].

Brink har ein individuell siger i verdscupen i langrenn, på 30 km fellesstart i Otepää den 12. januar 2003. Han var også på det svenske verdscuplaget som vann 4 x 10 km stafett i Falun 23. mars 2003. Brink kom på tredjeplass i verdscupen for 2002/03-sesongen.

Etter 2006 byrja han for fullt med skiskyting. Her opnådde han som beste ein femteplass i eit sprintrenn i Vancouver i 2009.

Brink gjekk så over til langrenn att, og satsa på dei store maratonrenna. Han deltok i Vasaloppet fyrste gongen i 2007 og vart nummer tre. Sidan vann han Vasaloppet tre år på rad, 2010-12.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Video av stafetten fra 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]