Jørgen Norheim
| Jørgen Norheim | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 25. november 1952 (73 år) |
| Yrke | Forfattar |
| Språk | Nynorsk |
| Prisar | Samlagsprisen |
Jørgen Norheim (fødd 25. november 1952 i Sollia i Østerdalen) er ein norsk forfattar, busett i Berlin.
Jørgen Norheim voks opp i Vestre Slidre. Han er utdanna cand. philol. med hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo i 1986. Frå 1987-96 var han redaksjonssekretær i tidsskriftet Syn og Segn. Forfattardebuten kom med romanen Liten svein i bærskog ut i 1994. I 2003 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen Ingen er så trygg i fare. I 2008 vart han nominert til Brageprisen for boka Adjutanten. Romanen er omsett til tysk; Der Adjutant, Osburg Verlag 2010.
Ved sida av virket som forfattar arbeidde Norheim meir enn 30 år, fram til pensjonsalderen, deltid som T-baneførar i Oslo Sporveier.
Norheim brukar samtidshistoria som ramme for å diskutere politiske og etiske spørsmål om ansvar, og kva for spelerom enkeltmennesket har innanfor ulike politiske system.
Aldri redd for mørkets makt er ein roman om stalinismen og om tankegods som nådde heilt inn på norske studenthybler på syttitalet. I glimt ser vi også ei norsk familiehistorie over fire generasjonar. Kvar på sin måte stiller romanpersonane seg det store spørsmålet: Kvifor valde eg som eg gjorde?
Olga Bjoners plass er ein kontrafaktisk historisk roman om korleis Noreg kunne ha sett ut dersom Nazi-Tyskland hadde vunne andre verdskrigen. Hovudpersonen er Vidkun Quislings høgre hand med tittel parti- og statsminister. Året er 1967. Tysklands nye førar Albert Speer er på veg til Noreg for å opne Polarjernbanen Trondheim - Kirkenes, realhistorisk eit høgt prioritert prosjekt av Hitler. Under ei tilsynelatande roleg overflate ulmar det i Oslo. Dette er ein roman med satiriske trekk om sanning, løgn og lojalitet – og prisen for å seia sanninga.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- 1994 Liten svein i bærskog ut, roman (Samlaget, Oslo)
- 1998 Mars, roman (Samlaget, Oslo)
- 2002 Ingen er så trygg i fare, roman (Samlaget, Oslo)
- 2008 Adjutanten, roman (Samlaget, Oslo)
- 2016 Aldri redd for mørkets makt, roman (Samlaget, Oslo)
- 2019 Norwegerstraße, Reiseessays: medforfattar Alexander Haüsser, Hamburg (Samlaget, Oslo)
- 2025 Olga Bjoners plass, roman (Samlaget, Oslo)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 2012: Samlagsprisen