Jørn Simen Øverli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørn Simen Øverli
Fødd1. august 1950
FødestadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1984-
SjangerVisesong
InstrumentGitar, song
PlateselskapKirkelig Kulturverksted, Via Music
Verka somMusikar, forfattar
PrisarSpellemannprisen i visesang, Alf Prøysens Ærespris

Jørn Simen Øverli (fødd 1. august 1950 i Oslo) er ein norsk visesongar. Han har mellom anna arbeidd med russisk og sentraleuropeisk vise- og songtradisjon. Han vann Spellemannprisen 1989 i klassen visesong for Levende bandasjer, ei plate med gjendiktingar av songane til den russiske gitarpoeten Vladimir Vysotskij. Jørn Simen Øverli har òg drive Josefine viseklubb i Oslo sidan 1995 saman med Kari Svendsen, Lars Klevstrand og andre. I 2000 fekk han Gammleng-prisen i klassen viser.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1985: Den røde bussen, saman med Zbigniew Lapinski
  • 1989: Levende bandasjer, Øverli synger Vysotskij
  • 1992: I min fars hus er det mange rom og de fleste er i kjelleren, Øverli synger Prøysen
  • 1996: Russlands hus
  • 2001: Sannheten og løgnen, samleplate
  • 2001: Teietid, viser av Arnljot Eggen
  • 2003: Pengenes oppmuntrende virkning
  • 2005: Prøysenvisene som forsvant

Platene er gjeve ut på plateselskapet Kirkelig Kulturverksted bortsett frå Teietid som er gjeve ut på Via Music.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1984: Gitar for alle, lærebok i gitarspel
  • 2000: Ulvejakten: Vladimir Vysotskij og hans russiske gitarpoesi, biografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]