Jableh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°21′N 35°55′E
Jableh
جبلة, جبلة الحرة
by
Jableh Landscape.JPG
Landskap ved Jableh.
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Jableh-distriktet
Nahiyah Jableh
Høgd 16 moh.
Koordinatar 35°21′N 35°55′E
Folketal 80 000 (2008)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jableh

Jableh (arabisk جبلة, Ǧabla, òg skrive Jebleh, Jabala, Jablah eller Gabala) er ein kystby ved Middelhavet i Syria,[1] 25 km nord for Baniyas og 25 km sør for Latakia, med kring 80 000 innbyggjarar (2008).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken var Jableh ein viktig romarby, og ruinar frå denne tida er eit amfiteater, som kunne huse kring 7000 tilskodarar. Nær kysten ligg enno eldre ruinar frå jarnalderen eller fønikisk tid.Mindre enn ein kilometer frå sentrum ligg den antikke staden Gibala, som i dag vert kalla Tell Tweini. Denne byen var busett frå 2000-talet fvt. fram til persartida.

Det romerske teateret i Jableh

Jableh var ein del av Fyrstedømet Antiokia, ein av Krossfararstatane, fram til han vart erobra av Saladin i 1189 under det tredje krosstoget. Ein kjend innbyggjar var Hugh av Jabala, biskopen i byen, som rapporterte om fallet til Edessa til pave Eugene III, og var den første personen som omtalte prestekongen Johannes.

I byen ligg grava og moskéen til sultan Ibrahim ibn Adham, ein sufi-mystikar som på 700-talet sa frå seg trona si og gav seg over til å bøn for resten av livet.[2]

Jableh har ei strand, Al-Kurnish, som blir mykje nytta av innbyggjarane i byen.

Jableh er heimbyen til den syriske diktaren Adunis, som var ein av dei første moderne arabiske diktarane. Jableh er òg heimstaden til symjaren Firas Mouala, som symde frå Latakia til Kypros (nesten 90 km).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Gut med saufelokk i Jableh.

Størsteparten av innbyggjarane i Jableh driv med jordbruk. Dei dyrkar mellom anna appelsin, og sitron og oliven, og på landsbygda finst mange drivhus for dyrking av grønsaker.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Jableh Sporting Club er ein fotballklubb i Jableh. Klubben spelar kampane sine på Al-Baath stadion, som har setekapasitet til 10 000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gabala». Catholic Encyclopedia. 
  2. Google Books Travels In Asia And Africa, 1325-54 By Battuta Ibn, Ibn Batuta Translated by Sir Hamilton Gibb (1996) ISBN 81-206-0809-7 s. 62

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]