Catholic Encyclopedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå New Catholic Encyclopedia.
Catholic Encyclopedia
The Catholic Encyclopedia

Språkengelsk
Sjangerensyklopedi
Utgjeven19. april 1913
ForlagD. Appleton & Company

Catholic Encyclopedia, òg kjend som Old Catholic Encyclopedia og Original Catholic Encyclopedia, er eit engelskspråkleg oppslagsverk utgjeve i USA.[1] Det første bindet kom ut i mars 1907 og dei tre siste i 1912, etterfølgd av eit registerbind og seinare supplerande bind. Målet med leksikonet var «å gje lesaren fullstendig og autoritativ informasjon på alt som gjeld katolske interesser, handlingar og doktrinar.»[2][3]

Catholic Encyclopedia blei gjeve ut av Robert Appleton Company, eit forlag danna i New York i februar 1905 med utgjeving av leksikonet som einaste føremål. Dei fem medlemmane i redaksjonskomiteen danna også styret i forlaget. I 1912 blei namnet til forlaget endra til The Encyclopedia Press. I heile levetida til forlaget gav det berre ut dette verket.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skriveprosessen byrja 11. januar 1905 under leiing av fem redaktørar:

  • Charles G. Herbermann, professor i latin og bibliotekar ved City College of New York
  • Edward A. Pace, professor i filosofi ved The Catholic University of America i Washington D.C.
  • Condé B. Pallen, redaktør
  • Thomas J. Shahan, professor i kyrkjehistorie ved Catholic University.
  • John J. Wynne, S.J., redaktør av Messenger of the Sacred Heart
Bind Innhald Første gong publisert Sjefredaktør
1 Aachen — Assize 1907 Charles George Herbermann
2 Assize — Brownr
3 Brow — Clancy 1908
4 Cland — Diocesan
5 Diocese — Fathers 1909
6 Fathers — Gregory
7 Gregory — Infallibility 1910
8 Infamy — Lapparent
9 Laprade — Mass
10 Mas sitt — Newman 1911
11 New Mexico — Philip
12 Philip — Revalidation
13 Revelation — Simon Stock 1912
14 Simony — Tournely
15 Tournon — Zwirner

At Catholic Encyclopedia var i offentlege bibliotek i USA skapte kontroversar. Nativistar protesterte og hevda at detta var i strid med skiljet mellom stat og kyrkje, og dei nådde fram med protestane sine i Belleville i New Jersey.[5]

Nettversjonar[endre | endre wikiteksten]

Amerikanske lovar om opphavsrett seier at alt som er publisert i USA før 1923 er offentleg eigedom. I 1993, i samband med at pave Johannes Paul II vitja Denver i samband med verdsungdomsdagane, bestemte Kevin Knight seg for å starta eit prosjekt for å publisera 1913-utgåva av oppslagsverket på Internett. Knight starta nettstaden New Advent for føremålet. Frivillige frå USA, Canada, Frankrike og Brasil hjelpte til med transkriberinga. Nettstaden blei lansert i 1995, og i 1997 var arbeidet ferdig.[Volumes 1]

I 2007 publiserte Catholic Answers ein vassmerka versjon som blei produsert ved å skanna sidene i originalane.[Volumes 2]

Andre skanna utgåver av oppslagsverket finst på Google Books, ved Internet Archive og Wikimedia Commons. Wikisource har òg eit transkriberingsprosjekt basert på filene som ligg på Commons.

1922-supplementet til oppslagsverket er òg offentleg eigedom, og finst på internett. New Catholic Encyclopedia er òg tilgjengeleg online på nokre bibliotek.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Catholic Encyclopedia». New Advent. Henta 18. oktober 2012. 
  2. «Original Catholic Encyclopedia». Catholic Answers. Arkivert frå originalen 20. august 2008. Henta 18. oktober 2012. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Original Catholic Encyclopedia». El Cajon, California: Catholic Answers. Henta 21. juli 2011. [daud lenkje]
  2. Forordet til Catholic Encyclopedia
  3. «Scan of "Preface"». El Cajon, California: Catholic Answers. Arkivert frå originalen 22. mai 2010. Henta 18. oktober 2012. 
  4. «The Making of the Catholic Encyclopedia». The Catholic Encyclopedia and its Makers. New York: The Encyclopedia Press. 1917. s. iii–viii. OCLC 748253. 
  5. Separation of Church and State, Hamburger, Philip, Harvard University Press (2002), p. 412.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Catholic Encyclopedia ved Wikisource (en).