Jacobs Douwe Egberts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacobs Douwe Egberts

Org.formBesloten vennootschap met beperkte aansprakelijkheid
Skipa2015
EigarJAB Holding Company
MorselskapJAB Holding Company
HovudkontorAmsterdam
LandNederland
Produktkaffi
Nettstadhttps://www.jacobsdouweegberts.com/

Jacobs Douwe Egberts er ein internasjonalt kaffiverksemd med hovudkontor i Nederland, skipa i juli 2015 ved at det USA-amerikanske selskapet Mondelez International (MDLZ) og D.E Master Blenders 1753 gjekk saman. Denne samaslutninga, som opphavleg vart gjord kjend 7. mai 2014, vart godkjend på visse vilkår av Europakommisjonen 5. mai 2015.

Kaffehuset Friele og House of Coffee i Bergen i Noreg fekk frå 2015 namnet Jacobs Douwe Egberts Norge (JDE) etter at dette selskapet, med kaffibrenneri på Midtun, vart seld av dei lokale eigarane.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Douwe Egberts var ein nederlandsk matvareprodusent, og ein av dei største kaffiprodusentane i verda. Verksemda vart skipa i den vesle nederlandske byen Joure i Friesland i 1753 av Egbert Douwes som ein vanleg kjøpmannsbutikk, men utvikla seg i tidas løp til ein verksemd som stod for sal av te og kaffi i fleire land i Europa. Frå 1978 til 2012 var verksemda eigd av det USA-amerikanske daglegvarefirmaet Sara Lee, men i 2012 vart dette konsernet splitta opp, og Douwe Egberts vart sjølvstendig under det nye morselskapet, som fekk namnet D.E. Master Blenders 1753 NV. I mai 2014 gjorde altså D.E Master Blenders 1753 og Mondelez det kjend at dei ville slå saman kaffeverksemdene sine. Mondelez hadde etablert Jacobs som eit merkevarenamn, og dette avspeglar seg i namnet på den nyskipa samanslutninga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jacobs Douwe Egberts