Midtun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Midtun is located in Hordaland
Plasseringa til Midtun

Midtun er eit næring-og bustadområde i Fana bydel i Bergen kommune, like austom bydelssenteret Nesttun. Nord for Midtun ligg Paradis og Sædalen, sør for Midtun ligg Øvsttun, Dette tettbygde området inngår i tettstaden Bergen. Austom Midtun er det meir spreidd busetnad mot grensa til Arna bydel.

Midtun høyrer til poststedet Nesttun saman med Øvsttun, ca. 10 km sør for Bergen sentrum. På Midtun er det mest villaområde og næringsområde, med mykje næringsmiddelindustri, som Kavli og Friele. Kringlebotn skole, Midtun skole og Ulsmåg skole ligg i området.

Viktige vegar i området er Hardangervegen, Sandbrekkeveien, Sandalsringen, Ulsmågveien, Midtunlia, Midtunhaugen, Midtunbrekka og Midtunveien.

Midtun blir omfatta av grunnkretsene Midtun, Kjenndalen og Ulsmåg, som hadde til saman 4 712 innbyggjarar 1. januar 2010 og eit samla areal på 2,97 km², av dette 0,05 km² ferskvatn.