Jakob N. Vik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob N. Vik
Fødd 12. mars 1882

Kvam

Død 12. september 1960
Oppdal
Parti Senterpartiet

Jakob Nilsson Vik (12. mars 188212. september 1960) var ein norsk gardbrukar, meieristyrar og politikar frå Øystese i Hordaland. Han var sosialminister frå 1931 til 1933, og var stortingsrepresentant frå Hordaland i tida 1928 til 1945. Vik var medlem av Bondepartiet.

Vik utdanna seg ved Stend landbruksskule i Fana (1903) og Statens meieriskule i Brandbu (1906). Ved sidan av arbeidet som gardbrukar på farsgarden Vik i Kvam herad var han i åra 1906-13 og 1923-28 styrar av det lokale meieriet. Ei tid var han styreformann i Hardanger Meieribolag og styremedlem i Norske Melkeprodusenters Landsforbund.

Vik var medlem i Kvam heradsstyre frå 1919, ordførar 1922 til 1931. Frå 1928 representerte han Hordaland fylke og Stortinget, og vart attvald ved dei neste tre stortingsvala. Han var medlem i høvesvis Skog- og vassdragskomiteen, deretter i Finans- og tollkomiteen, Sosialkomiteen og Militærkomiteen. Våren 1931 vart Vik sett til å styre Sosialdepartementet i Kolstad-regjeringa, og heldt fram i posten då Jens Hundseid tok over som statsminister i mars 1932. Regjeringa vart felt eitt år seinare, og Vik tok på nytt sete i Stortinget. Han hadde stortingsplass til 1945.

Etter den tyske invasjonen i Noreg i april 1940 vart det ei samlingsregjering stabla på beina. Vik vart utnemnd til å representere Bondepartiet i regjeringa, men fekk ikkje bod om utnemninga før det var for seint å slutte seg til Nygaardsvold-regjeringa som var på flukt nordover i Noreg.

Vik døydde på Oppdal Turisthotel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]