James Van Allen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
James Van Allen
James van Allen.jpg
James Alfred Van Allen
Fødd7. september 1914
Mount Pleasant i Iowa
Død9. august 2006 (91 år)
Iowa City
BustadUSA
Nasjonalitetamerikansk
Områderomvitskap/filosofi
Yrkefysikar, astronom, kjernefysiker, universitetslærar, professor
InstitusjonarCarnegie Institution for Science
University of Iowa
Alma materIowa Wesleyan College
University of Iowa
Kjend forVan Allen-belte
InfluerteJames Hansen
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Astronomical Society
American Physical Society
National Academy of Sciences

James Alfred Van Allen (7. september 19149. august 2006) var ein amerikansk fysikar.

Som leiar av ei forskingsgruppe ved Johns Hopkins University i Maryland (1946–51) og deretter som professor og leiar av Fysisk institutt ved University of Iowa (1951–85), kom han til å spele ei stor rolle ved utviklinga av instrumenterte rakettar og satellittar for utforsking av verdsrommet. Van Allen var ansvarshavande for det amerikanske satellittprogrammet under Det internasjonale geofysiske året, IGY (juli 1957–des. 1958). Målingar frå dei to første satellittane til USA, Explorer 1 og 3, høvesvis januar og mars 1958, førde til oppdaginga av at jorda er omgjeve av eit belte med energirike, elektrisk ladde partiklar (Van Allen-beltet). Dette var den første store oppdaginga som vart gjort av satellittar i verdsrommet. Han utførde seinare viktige undersøkingar av partiklar i magnetosfæren til jorda og andre planetar. Forskingsgruppa hans i Iowa var involvert i dei første vitskaplege satellittane til planetane Venus, Mars, Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun. Han fekk i 1989 Crafoordprisen for oppdaginga av strålingsbelta til jorda og pionerinnsatsen sin i utforsking av andre planetar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]