Jan Christian Johanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Christian Johanssen
Jan Johanssen.jpg
Fødd 16. juni 1841
Død

11. august 1911

Yrke pedagog, politikar
Jan Christian Johanssen på Commons

Jan Christian Johanssen (16. juni 184111. august 1911) var ein klassisk filolog og skulemann frå Trondheim. Han var stortingsrepresentant 1880-82.

Far til Johanssen var skulestyrar og klokkar ved domkyrkja i Trondheim. Sjølv vart han student frå katedralskulen i heimbyen i 1857 og cand. philol. i 1864. Han var deretter lærar ved faren sin privatskule i Trondheim 1864-65 og i 1866 lærar ved privatskular i hovudstaden. Frå 1867 til 1875 var han universitetsstipendiat i latinsk filologi ved universitetet i Kristiania, og konkurrerte i 1875 med J. P. Weiss om det ledige professoratet i filologi.

Frå 1876 var Johanssen styrar av den kommunale høgare allmennskulen i Fredrikstad.

Johanssen representerte Fredrikstad på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.

I 1894 vart Johanssen utnemnd til ekspedisjonssjef i kyrkjedepartementet, der han blant anna var med på å gjennomføre nyordninga av den høgare skulen etter lova av 27. juli 1896. I 1900 vart han rektor ved Skiens skole. Han tok avskjed frå denne stillinga i 1909.

Han døydde i Kristiania i 1911.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914