Jan Halvarsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Halvarsson
Jan Halvarsson, Grenoble 1968.jpg
Fødd 26. desember 1942
Östersund
Død

5. mai 2020 (77 år)
Hammerdal

Yrke langrennsløpar

Jan Ivar Halvarsson (fødd 26. desember 1942) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå Östersund. Han var med på Sveriges stafettlag som tok sølv på 4x10 km stafett under OL 1968 i Grenoble og bronse i same øvinga i ski-VM i 1970 i Štrbské Pleso.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Halvarsson deltok i 1965 i Holmenkollrenna og vart nummer 14 på femmila. Året etter var han tilbake i Oslo og vart høvesvis nummer åtte på 50 km og nr 15 på 30 km. Seinare i sesongen kom han på fjerdeplass på 30 km i Svenska skidspelen i Umeå. I 1967-sesongen imponerte Hallvarsson og kom på pallen i begge langrennstevlingane under prøve-OL i Grenoble, i mars månad var han beste svenske då han vart nummer fem på femmila i Holmenkollrenna.

I dei olympiske leikane i 1968 vart Halvarsson nummer 12 på 30 km og kom på femteplass på 15 km. Deretter gjekk han startetappen for Sveriges sølvlag på 4x10 km stafett, dei andre løparane var Bjarne Andersson, Gunnar Larsson og Assar Rönnlund. Til sist i olympiaden vart Halvarsson nummer sju på 50 km.

Halvarsson deltok i alle langrennstevlingane i verdsmeisterskapen på ski i 1970 i Strbske Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia. Han vart høvesvis nummer åtte, åtte og sju på distansane over 15 km, 30 km og 50 km. I stafetten over 4x10 km vann kvartetten Ove Lestander, Halvarsson, Ingvar Sandström og Lars-Göran Åslund ein bronsemedalje for Sverige. Mot slutten av 1970-sesongen vart Halvarsson nummer tre på 15 km i Holmenkollen, der Magne Myrmo vann. Etter moderate prestasjonar i 1971-sesongen trappa Halvarsson ned satsinga på toppidretten.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]