Jan Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Johnsen
Fødd23. juli 1941
Stavanger kommune
Død8. april 2000 (58 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
BarnJanne Johnsen

Jan Johnsen (23. juli 19418. april 2000) var ein norsk hotellmann og politikar for Høgre frå Stavanger. Han representerte RogalandStortinget frå 1997 til han døydde i 2000. Politikaren Janne Johnsen er dottera hans.

Johnsen arbeidde i hotellbransjen i heimbyen Stavanger og nærområda. Frå 1976 til han døydde var direktør for Sola Strand Hotell.

Frå 1984 til 1991 var Johnsen medlem av Stavanger bystyre, og på ny i perioden 1996-99. Same året som han kom inn i bystyret tok han initiativet til innsamlingsaksjonen «Sykehuset i våre hender», ein aksjon som sørgde for at Rogaland fekk den første MR-maskinen i landet, det såkalla «kroppsøyet».

Ved stortingsvalet 1997 var Johnsen Rogaland Høgre sin førstekandidat. På Tinget han vart han medlem av Energi- og miljøkomiteen. Våren 2000 var komiteen på reise i Costa Rica. Der drukna Johnsen den 8. april under ein badetur. Vararepresentanten Bent Høie tok over stortingsvervet etter Johnsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]