Janka Kupala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Janka Kupala
Yanka Kupala.jpg
Fødd 25. juni 1882
Vyazynka
Død

28. juni 1942
Moskva

Yrke lyrikar, skodespelforfattar, omsetjar, skribent, journalist, kommentator, politikar
Janka Kupala på Commons

Janka Kupala (7. juli 188228. juni 1942) er eit psevdonym for Ivan Daminikavitj Luzevitj, ein kviterussisk forfattar som saman med Jakob Kolas forma moderne kviterussisk litteraturspråk. Kupala er rekna som ein av dei viktgaste kviterussiske diktarane.

Kupala var fødd i Vjasynka utanfor Minsk. Familien hans høyrde til szlachta, den gamle adelsklassen i landet, men foreldra arbeidde som landlause bønder. Kupala avslutta utdanninga si i 1898. Etter at faren døydde i 1902 tok han fleire kortvarige jobbar.

Førstesida av diktsamlinga Жалейка (1908).

Janka Kupala fullførte sitt første dikt, polske «Ziarno», i 1903-04. Han skreiv sitt første dikt på kviterussisk, «Мая доля» i 1904. Året etter gav han ut sitt første dikt, «Мужык» ('Bonde'). Etter dette gav han ut fleire dikt i kviterussiske aviser. Som diktar var han påverka av kviterussisk folkedikting og levevis. Frå 1905 skreiv han lyrisk-episke dikt og dikt om bønder i landet og deira fridomslengt.

I 1908 flytta Kupala frå Kviterussland til Vilnius i Litauen. Her gav han ut si første diktsamling, Жалейка ('Den vesle fløyta'). Boka vekte harma hjå tsar-styret, som såg henne som oppviglersk. Året etter blei også eit nytt opplag av boka konfiskert av dei lokale styresmaktene. I 1909 flytta Kupala til Sankt Petersburg, der han gav ut fleire verk, før han drog tilbake til Vilnius i 1913.

Han støtta den russiske revolusjonen i 1917, og skreiv etter dette også om tema som industrialisering og kollektivisering. Han tok for seg mykje omsetjararbeid, og omsette mellom anna «Internasjonalen» til kviterussisk. Kupala hadde problem med å tilpassa seg den kulturelle einsrettinga under Stalin, og blei uglesett som for nasjonalistisk i diktinga si. På 1930-talet beklaga han dette offentleg.

I 1928 blei Kupala medlem av det kviterussiske og ukrainske vitskapsakademiet. I 1941 blei han gjevene Leninordenen for diktsamlinga Ад сэрца (1940).

Nazi-Tyskland okkuperte Kviterussland i 1941 flykta han till Moskva og seinare til Tatarstan. Der skreiv han dikt til støtte for kviterussiske patriotar som kjempa mot okkupantane. I 1942 døydde han i Moskva, etter eit fall ned ei trapp.

Enkja til Kupala grunnla eit museum over han i Minsk der mange av verka hans er samla. Byen Hrodna kalla opp eit universitet etter han, Janka Kupala Statsuniversitet, i 1978.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Sjalejka 1908 (diktsamling)
  • Gusljar 1910 (diktsamling)
  • Advetsjnaja pesnja 1910 (dikt)
  • Pavlinka 1912 (skodespel)
  • Sjljakham sjyzzja 1913 (diktsamling)
  • Son na kurgane 1913 (dikt)
  • Raskidanaje gnjasdo 1913 (skodespel)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]