Hopp til innhald

Janne Holmén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janne Holmén


Statsborgarskap Finland
Fødd 26. september 1977 (47 år)
Jomala
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Janne Sven-Åke Holmén (fødd 26. september 1977) er ein finsk tidlegare langdistanseløpar. Han vart i 2002 europameister i maratonløping.

Holmén var finsk meister på 10 000 meter i 1999, 2000, 2001 og 2003. 11. august 2002 vann han maratonløpet i EM i friidrett 2002 i München på tida 2.12.14. To år seinare kom han på 22. plass i maraton under Sommar-OL 2004 i Aten. Ved EM i friidrett 2006 i Göteborg enda han som sjuandemann i maraton-tevlinga. Sidan vart han nummer 9 på distansen i VM i friidrett 2007 i Osaka og nummer 19 i Sommar-OL 2008 i Beijing.

Holmén si bestetid i maraton, 2.10.46, kom då han våren 2008 enda på niandeplassen i Rotterdam maraton. Hans personlege rekordar på 5 000 meter og 10 000 m, frå høvesvis 2001 og 2003, lyder 13.35,6 og 28.09,9

Nina Holmén, mor hans, vart europameister på 3 000 meter i 1974. Han er gift med ei syster av Khalid Skah og busett i Sverige.