Jaouad Gharib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jaouad Gharib
2005 London Marathon Gharib.jpg
Statsborgarskap Marokko
Fødd 22. mai 1972
Khénifra
Idrett friidrett
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar

Jaouad Gharib (fødd 22. mai 1972) er ein marokkansk tidlegare langdistanseløpar som vart verdsmeister i maratonløping i 2003 og 2005, sidan tok han sølv på same distansen under Sommar-OL 2008 i Beijing.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gharib sette personlege rekordar på 5 000 meter og 10 000 meter sommaren 2001, fyrst på mila i juni i Praha med 27.29,5 og deretter i juli i Bislett Games på 5 000 m med 13.19,6. I VM 2001 i august enda han på ellevteplass i milløpet. Han vart overtalt til å satse på lengre løpsdistansar, allereie på sitt andre maratonløp vann VM-gull i Paris i 2003. To år seinare forsvarte Gharib VM-tittelen i maraton i Helsinki. Under dei olympiske sommarleikane i Beijing i 2008 tok han sølvmedaljen i maratonløpet. Våren 2009 sprang han sitt livs snøggaste maraton då han vart tredjemann i London maraton på tida 2.05.27. På ein særs heit dag i desember 2010 vann han Fukuoka maraton i einsam majestet på 2.08.24.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2001 i Edmonton: Nr 11 på 10 000 m – 28.05,4
  • VM 2003 i Paris: Gullmedalje i maraton – 2.08.31, framom Julio Rey (2.08.38)
  • OL 2004 i Aten: Nr 11 i maraton – 2.15.12
  • VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje i maraton – 2.10.10, framom Christopher Isengwe (2.10.21)
  • OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje i maraton – 2.07.16, bakom Samuel Wanjiru (2.06.32)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]