Jaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om tettstaden i Gran. For staden i Antarktis, sjå Jaren i Dronning Maud Land.
Jaren
stad
Gran town hall, Jaren, Gran, Norway, 2008-06-06.jpg
Gran rådhus
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Gran
Postnummer 2770 JAREN
Preposisjon Jaren
Wikimedia Commons: Jaren

Jaren er administrasjonssenter i Gran kommune i Oppland og huser Gran rådhus med sine funksjoner for dei drygt 13 000 innbyggjarane i kommunen. Jaren ligg på Hadeland, midt mellom Gran sentrum og Brandbu og var tidlegare eit livleg sentrum rundt stasjonen og mølla med mange forretningar og industri. I dag er det litt stillare på Jaren med eit mindre kjøpesenter med daglegvarebutikk, ein fiskebutikk, Hadeland mølle, Hadeland Energi, Gran Rådhus, Hadeland Selskapslokaler og Hadeland Steinindustri. Even i Bua som er ein kiosk ligg litt lenger nedom senteret. Jaren har også ein barneskule som heiter Jaren skole.

Busetjinga mellom Jaren og Brandbu har vorte så tett att Statistisk Sentralbyrå reknar Brandbu/Jaren for ein tettstad med 4 672 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Kjende personar frå Jaren[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Jaren» henta frå Wikipedia på bokmål 24. september 2008.