Jarlsberg Avis
Utsjånad
| Jarlsberg Avis | |||
| Land | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Type | Avis | ||
| Org.nummer | 875907042 | ||
| Grunnlagd | 1843 | ||
| Eigarar | Østlands-Posten AS, A-pressen | ||
| Språk | Norsk | ||
| Hovudkvarter | Holmestrand kommune | ||
| Nettstad | http://jarlsbergavis.no (bokmål) | ||
Jarlsberg Avis, ofte berre kalla Jarlsberg, er ei avis som blir utgitt tre gongar i veka i Holmestrand i Vestfold.
Jarlsberg Avis kjem ut kvar tysdag, torsdag og laurdag og dekker først og fremst lokalnyheiter frå Holmestrand og Hof, sport og kultur. Lokalavisa har hatt ein jamn opplagsvekst i de seinare åra, og har ein husstandsdekning på vel 58 % i Holmestrand kommune. Avisa er eigd av Østlands-Posten i Larvik og er gjennom det ein del av mediekonsernet A-pressen. Avisa blir trykt i Larvik. Dagleg leiar og ansvarleg redaktør er Knut S. Evensen.
Jarlsberg Avis vart etablert i 1843. Sidan 2001 har avisa komme ut med eiga nettutgåve.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.
| År | Nettoopplag |
|---|---|
| 2000 | 3 007 |
| 2001 | 3 184 |
| 2002 | 3 212 |
| 2003 | 3 288 |
| 2004 | 3 356 |
| 2005 | 3 517 |
| 2006 | 3 647 |
| 2007 | 3 747 |
| 2008 | 3 830 |
| 2009 | 3 875 |
| 2010 | 3 916 |